Samtale:Hundeidvik Idrettslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Takk for nok eit godt bidrag til wikien! Eg plundrar for tida mellom anna med idrettens haldningar i okkupasjonstida lokalt i gudbrandsdalsbygda Skjåk. Derfor reiser eit nyskipa idrettslag frå 1944 interessante spørsmål for meg. Referansen til 17. mai tyder på at det dreiar seg om ein patriotisk patent samskipnad. Og om Hundeidvik var ei "vanleg" vestlandsbygd, var NS neppe noko nemnande problem lokalt. Men korleis stilte laget seg i høve til den nasjonale idrettsboikotten som vart igangsett allereie på slutten av året 1940? Vart det lagt noko press frå ungdoms- og idrettsleiarar t.d. på fylkesplan for å melde laget inn i det nazifiserte Norges Idrettsforbund? Søkte/fekk laget midlar til anlegg eller anna frå forbundet eller det offentlege? Deltok laget i stemne som var godkjende av makthavarane? Røpar kjeldene noko om kor vidt idretten sitt forhold til nazistyret i det heile teke var noko tema lokalt? Beste helsing Hans P. Hosar 21. jul 2011 kl. 12:56 (CEST)

Begynn en diskusjon om siden «Hundeidvik Idrettslag»

Start en diskusjon