Hundeidvik Idrettslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Hundeidvik Idrettslag vart stifta 13. mai 1944, då nokre unggutar kom saman i skulekjellaren i Hundeidvik-grenda. Det var like før nasjonaldagen som dei ikkje hadde fått markere dei siste fire åra. Denne gongen ordna dei det slik at det første årsmøtet i laget vart skipa 17. mai. Så fekk dei eit høve til å kome saman på 17. mai likevel.

Ole Bjørkavåg stod sentralt i etableringa av laget. Han var innflyttar i Hundeidvik og hadde med seg idrettsrøynsler frå oppvekståra på Sula ved Ålesund. Mange av dei gamle meinte at idrettsleik var spill av krefter og kritiserte initiativet til Bjørkavåg. Men han fekk og støtte, mellom anna frå læraren i grenda, Øyvind Skåden. Det gjekk ikkje lang tid før stort sett alle stod bak idrettslaget. Dei fekk snart på plass eit fotballag og gleda var stor då heimelaget vann ein lokal cup i 1945 og sigra i finalen mot Lyn, Sykkylven. Møbelfabrikken Formfin vart skipa i 1946, og det vert fortalt at eigarane spurde jobbsøkjarar om dei spela fotball. Det var ikkje vanskeleg å få arbeid om svaret var ja. Idrettslaget og møbelfabrikken kom i åra framover til å bli viktige hjørnesteinar i Hundeidvik-samfunnet, saman med skulen og nærbutikken.

Fotball var den sentrale aktiviteten, men allereie i 1945 vart det sett ned undergrupper for friidrett og ski. I åra 1949/51 vart det opparbeidd ein idrettsbane på Hjellen, på marka til Henning O. Utgård. Sykkylven kommune fekk i 1949 hand om ein bulldozar. Det første oppdraget for maskinen var planering av idrettsplassen i Hundeidvik. Bana førte til noko betre vilkår for friidretten, men friidrettsgreina dei fleste dreiv med var terrengløp. I 1950 vart det også etablert ei handballgruppe for kvinner i laget. Kvinnehandballen hadde ei grotid i kommunen då. Også Sykkylven Idrettslag hadde eit handballag for kvinner.

Blant gutane var størstedelen av årskulla med på fotballeiken. Hundeidvik hadde også eit godt sportsleg nivå innan den greina. Lenge veksla laget mellom 5. og 6. divisjon, men i 1994 kjempa hundeidvikarane om opprykk til dåverande 4. divisjon. (3. divisjon i dag).

I 1972 fekk idrettsbana grasdekke. Det vart reist kombinert samlingshus og garderobebygg i 1976 og overbygd tribune i 1981. Idrettslaget oppretta ei eiga ungdomsgruppe som skulle stå for inntektsbringande aktivitetar då det vart bestemt at laget skulle bygge hus. Ungdomsgruppa laga til mange programkveldar og revyar i åra framover, noko som gjorde Hundeidvik til revysenteret i kommunen. Den første revyen gruppa skipa til vart avvikla på Ikornnes i 1973. Hundeidvikrevyane var ei god inntektskjelde og var med å realisere grendahuset, på same måte som bingoarrangementa var det. Revyen vart også nytta til mobilisering når tiltak i grenda var truga, slik det var då Posten ville leggje lokalkontoret i Hundeidvik i 1992. I revyen «Utpost West» tok hundeidvikarane kraftig, men humørfylt, til motmæle.

Samlingshuset vart utvida med eit påbygg som stod ferdig i 1988. Det inneheldt småsal, dusj, garderobe, handikaptoalett og scenerom. Dette måtte til etter at skulen i Hundeidvik hadde byrja å bruke huset til gymnastikkaktivitetar. I 1994 vart scena i huset gjort større. Då stod huset fram som eit allsidig brukshus for folket i krinsen.

Dei siste åra har idrettslaget først og fremst konsentrert seg om fotballspel for dei yngre årsklassene. Hundeidvik Idrettslag står kvart år som arrangør av den største fotballcupen i kommunen. Dei vaksne hundeidvikarane som vil spele fotball er med i felleslaget FK Sykkylven.

Kjelde

  • Høidal, Eldar (red.): Hundeidvik Idrettslag 50 år. Sykkylven, 1994.