Dragracing
Dragracing er ei form for motorsport som går ut på at to fargreier tevlar om å køyre ei kort lengd frå ståande start raskast mogleg. Det er altså om å gjere å ha best akselerasjon. Sporten blei til i ørkenstrøk av California i Sambandsstatane på 1930-talet. Ein driv med dragracing for preparerte bilar, spesialbilar som dragster, motorsyklar, resarbåtar og snøskuterar.
Som regel er strekninga ein tevler på ¼ engelsk mile (ca 400 meter) og tevlinga går føre seg på ei bane med asfalt- eller betongdekke. Det finst hundrevis av klassar for køyrety med ulike tekniske avgrensingar.
National Hot Rod Association (NHRA) blei stifta i Sambandsstatane i 1951, og bilsporten blei anerkjend av Det internasjonale bilforbundet (FIA) i 1965. Det første stemnet i Norden blei arrangert 1968 i Anderstorp i Sverige. I Noreg blei dei første klubbane, med band til NHRA, skipa i 1958. American Car Club of Norway arrangerte den første tevlinga, og ho fann stad 1978 på Fyresdal flyplass. Frå 1983 blei store dragracingstemne, om anna EM-runder, haldne på ei nedlagd flystripe attmed Gardermoen militære flyplass.
Dragracing er organisert i Norges Bilsportforbund. Ludvig Bjørnstad høyrde til europaeliten kring 1980 og blei 1987 første nordmann under 6 sekunder. I 1990-åra sin første halvleik høyrde Liv Berstad til europaeliten i den snøggaste klassa og hadde ei tid europarekorden.
Kjelder
- Store norske leksikon: Dragracing
- Bilsport.no: Norges bilsportforbund si heimeside
- Kvinnehistorie.no: Liv Berstad