Fyresdal flyplass

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fyresdal flyplass.
Foto: J. Kruse (1967) / "Widerøe Flyveselskaps flyfoto fra Fyresdal kommune."
Nasjonalbiblioteket

Fyresdal flyplass ligg i Fyresdal kommune i Telemark. Flyplassen blei opna 23. september 1967, og hadde ei stund landingar frå Fjellfly og Cimberair. Flyplassen har ein 800 meter lang asfaltert rullebane.

Historikk

Då det blei bygd hotell i Fyresdal på slutten av 1960-talet dukka ideen om å flyge inn turistar til eigen flyplass ved hotellet opp. Det var Snorre Kjetilson, mannen bak flyselskapet Fjellfly, som var pådrivar til bygginga av flyplassen, og han fekk snart etablert ei landingsstripe på 1400 meter som opna hausten 1967.

Med åra hadde hotellet forskjellige eigarar med ulik interesse for flyplassen. På 1980-talet blei rullebanen nedkorta til 800 meter av kommunen.

I 2004 fekk hotellet nye eigarar som døpte om verksemda til Airparc Fyresdal Hotell. Eigarane hadde god bakgrunn frå luftfart i Nederland og ynskte å satse på kombinasjonen hotell, flyplass og natur. Det kom turistar frå heile Norden og Mellom-Europa som ville oppleve tilbodet i Fyresdal. Snart viste det seg at utgiftene blei for store, og i 2008 måtte hotellet stenge dørene.

Sidan 2009 er det Fyresdal Aero klubb som har hatt drifta av flyplassen etter avtale med kommunen. Rullebanen har blitt nytta til det fyrste dragrace heldt i Noreg i 1978, og vert elles jevnleg brukt til arrangement innan motorsport. Aeroklubben arrangerte det fyrste «fly-in-cinema» i Noreg på flyplassen i 2009.

Rullebanen blei asfaltert i 2007, og fly med inntil 10 passasjerar har i dag lov til å lande her.

Kjelder