Drammens Tidende (1816-1833)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Drammens Tidende var ei avis som kom ut i Drammen i tidsrommet 1816-1833. Den definerte seg sjølv som «et offentligt Blad af blandet Indhold». Avisa vart kjend som eit organ for den politiske opposisjonen i Drammen, dvs. ein radikalt liberal krins med brodd mot embetsstyre og i vern mot Karl Johans framstøytar for å endre Grunnlova i udemokratisk og unionsvennleg retning. Ein framgrunnsfigur i denne krinsen var Peter Flor, som også var medredaktør av avisa frå fyrst nummer saman med sokneprest Søren Tybring. Opningsartikkelen i fyrste nummer forkynte at føremålet var å oppdra folket til forståing av grunnlovas ånd og utvikle det same folkets evne til å gjere seg nytte av dei rettane grunnlova gav. Agitasjon i Drammens Tidende gjorde sitt til at Flor og hans meiningsfelle eidsvollmannen Nicolai Schejtli vart valde til stortinget i 1818.

Utgjevar og eigar av avisa var Fredrik Carl Ferdinand Rode (1789-1834) innvandra frå Randers i Danmark. Han fekk løyve til å starte trykkeri og utgje avis i 1815. Han oppnådde portofritak for Drammens Tidende frå 1. januar 1817, noko som var ein føresetnad for å få eit blad til å bere seg økonomisk på den tida. Trugsmålet om å misse portofritaket var truleg medverkande til at avisa la seg på ein mindre kontroversiell politisk tone frå hausten 1821. Det likeeins radikale Nationalbladet i Christiania fekk det same året nettopp inndrege portofritaket, og måtte gå inn. Seinast frå 1822 har Rode sjølv overteke redaktøransvaret og var det til avisa inngjekk i avisa Tiden 1833.

Kjelder og litteratur

  • Norske aviser 1763-1969. En bibliografi. Bd. I. Universitetsbiblioteket i Oslo, 1973.
  • Thorson, Odd W.: Drammen. En norsk østlandsbys utviklingshistorie. Bd. III. Drammen 1972.