Drangedal Helselag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Drangedal Helselag låg i Drangedal kommune i Telemark. Laget hadde mange underavdelinger i ulike delar av kommunen i mellomkrigstida, men blei slått saman til eitt lag i 1947. Laget dreiv helsestasjon for mor og barn og fekk etter kvart økonomisk støtte frå menighetsråda, som tidligere også hadde lønna sjukesyster for innsamlede midler.

Prestestranda helselag hadde kort tid etter krigen tatt initiativ til eit folkebad, som etter kvart blei overtatt av kommunen. På slutten av 1940-talet snappa Helselaget opp eit mislukka initiativ frå Tokestranda arbeider- og småbrukerlag om å etablere sjukestove, eller «helsehus». 70 000 kroner blei samla inn, og helsehuset blei bygd i tilknytting til den nye Drangedal alders- og sjukeheim i 1971 – den fyrste institusjonen i sitt slag i Telemark etter den nye sjukehuslova.

Også dei kommunale heimetenestane i Drangedal var eit framhald av frivillig, formelt organisert innsats. Det var eit initiativ fra Arbeiderpartiets kvinnegruppe om å opprette ein kommunal husmorvikarstilling som gav støtet til den kommunale vidareføringa av heimetenestane. Det fyrste initiativet til å etablere barnehagane i Drangedal kom fra Husmorforbundet, men på det tidspunktet (1972) var interessa laber, og det blei Frikirken som etablerte den fyrste ordinære barnehagen sju år seinare.

Kjelder

  • Rovde, Olav og Ingvar Skobba, (red.), Telemarks historie 3: Etter 1905, Skien, 2015, s. 125. Lenke til digital utgåve på Telemarkskilder.