Egrå (Sandnes gnr. 95/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dale
Stad: Dale
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 95
Bnr: 2
Type: gardsbruk

Egrå (Sandnes gnr. 95/2) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 12/2. Gammalt matrikkelnr. 27 og løpenr. 98b.

Brukarar

Bertel Jonsen,

født 1845, død etter 1908. Son til Jo Jonsen, husmann i Grytvigjå under Li (Li -37).

Bertel kom til Dale som dreng hos Erik Rasmusen på bruk 1. Då han gifta seg var han arbeidsmann og budde dei fyrste åra hos slektningane sine på Li og på Skjørestad. Han var og til sjøs denne tida (Folk i bygda-534 og 589). I 1877 fekk han kjøpa dette stykket som før hadde vore ein husmannsplass under Erik Rasmusen sin gard. Her budde han til han i 1900 flytta til Hodl (sjå vidare nr 46).

Gift i 1871 med Tobia Thorsdtr., født 1851, død etter 1906, dotter til Thore Rasmusen Skjørestad (Skjørestad-33).

Barn:

  1. Inger Taletta, f ødt 1872
  2. Johan, født 1873
  3. Jon, født 1875
  4. Anna Karina, født 1877, død 1879
  5. Anna Karina, født 1880
  6. Berella, født 883.

Dave O. Dahle,

født 1866, død 1920. Son til Ola Jonsen, husmann i Breivigjå under Hommarsåk (Garden Hommarsåk-31).

Den fyrste tida etter han gifta seg budde han hos mora i Breivigjå, ho var enkja då, og Dave dreiv plassen for henne. I tillegg var han dag lønnar ved mølla i Vågjen (sml Garden Hommarsåk-32). I 1900 fekk han kjøpa det gardsbruket som syskenbarnet Bertel hadde hatt her på Egrå. Dave selde gardsbruket i 1912 til Stavanger amt/Stavanger kommune og budde seinare på Asparhodl.

Gift med 1) 1885 Sikke Eilevsdtr., født 1859, dotter til Eilev Olsen, husmann under Osaland i Høle[1] 2) 1918 Ane Jonsdtr., født ca 1868, frå Fjotland.

Barn, i fyrste ekteskap:

  1. Olaf Martinius, født 1887
  2. Enevald, født 1889
  3. Karl Kristinius, født 1890
  4. Dina Maria, født 1893
  5. Erling, født 1895
  6. Dagfinn Serinius, født 1897
  7. Daniel, født 1899

Litteratur og kjelder

Referansar

  1. Bergsåker, Jon. Høle gjennom hundreåra. Utg. (Ingvald Dahle). Sandnes. 1964. Digital versjonNettbiblioteket.