Eide kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
«Eide» har flere betydninger.

Eide kommune
1551 Eide komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1551
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Eide
Areal 152.1  km²
Areal land 145.76  km²
Areal vann 6.34  km²
Folketall 3 440 (2018)
Målform Bokmål
Nettside Nettside
Svanviken arbeidskoloni lå i kommunen og eksisterte 1908–1989. De ti små familiehusene kan sees til venstre og bak gårdsbebyggelsen.

Eide kommune er den vestlegaste av kommunane på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen grensar til nordmørskommunane Averøy i nordaust og Gjemnes i søraust; og i sørvest grensar kommunen til Fræna kommune i Romsdal. Eide ligg mellom byane Kristiansund i nord og Molde i sør. Kommunevåpenet viser tre svanar. Kvar av svanane har sju fjær i vengene, éi fjær for kvar av dei tidlegare skulekretsane i kommunen.

Eide-dialekta høyrer opphaveleg til trøndsk, men dialekta er påvirka til dels av Fræna-dialekta og til dels av den meir normaliserte Molde-dialekta. Grensa mellom trøndsk og vestnorsk går i vest mellom kommunane Eide og Fræna.

Ein person frå Eide kallast eidser, i følge språkrådet [1]. Vanlegvis eller meir lokalt, omtales personar frå Eide kommune som eiding, eidemann eller eidekvinne. Ein frå Eide (kommunesenteret) omtales som ein æssær (? essar), dei med røtter til sjølve Eideslekta omtales som stor-æssær. Innbyggarne frå bygdane (dei andre skulekretsane) har sine navn, ein frå Vevang kalles veålending, ein frå Lyngstad - løngstar, ein frå Bollia - bollianer og ein frå Nås - nåsær/nåsar.

Steinindustrien

Eide kommune har eit av dei største miljøa for steinindustri i Norge. Det byrja tidleg på 1900-tallet, då gjenoppbyginga etter bybrannen i Ålesund i 1904. Steinindustrien på Eide står for levering av omlag 40% av alle gravmonument i Norge [2]. Dette er opphavet til at Eide har fått kallenavnet «bygda som lever av dei døde». Frå steinbrudda i Eide hvert det henta ut kalk som råstoff til produksjonen hos Hustad Marmor i nabokommunen Fræna.

Atlanterhavsveien

Heilt ytterst på kysten mellom Vevang og Averøy ligg Atlanterhavsvegen. Den går over fleire bruar og små holmar heilt ute i havgapet og er eit populært reisemål for norske og utenlandske bilturistar. Atlanterhavsveien bli kåra til århundrets byggverk 1905–2005.

Referansar

  1. www.sprakradet.no Innbyggjarnamn A-H (besøksdato: våren 2009)
  2. tall frå 2006