Eiganes (Stavanger)

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Eiganes

Frå eikeskog til by

Av Birger Lindanger

«En fuul og raaden Sump»?[1]

Egenæs var en af de høieste, for alle Himmelens Storme og Havets raa Taagekulde mest udsatte Bjergknolde, bedækket med Mos og svampig Myr og Lyng og løse Stene. Ved rydning er det nu idel Agre, der bærer Sæd af alle slags, frodige som Roskilde Amts slette.[2]

Slik skildra den 32-årige presten Jens Zetlitz Eiganes i eit omfattande dikt til det femte heftet til «Thopografisk Journal» i 1793. Han var sjølv født og vaks opp i Stavanger som son til feltskjær[3] Sigismundus Zetlitz. Jens var såleis vel kjend med dette området som sidan 1607 var ekserserplass for borgervæpninga i Stavanger. Og han var elleve år då byfogd Søren Schiøtz bestemte at det som før hadde vore den felles bumarka – beitenarka - for Stavanger nå skulle stykkast opp i løkker og festast bort på auksjon.

Jens Zetlitz var vel kjend med Eiganes frå gutedagane og skildrar då området slik:

En fuul og raaden Sump, en stenig Ur,                                                                                             Og hist og her en lyngbegroet Bakke,                                                                                         Foragted af den smilende Natur,                                                                                                                 Og uforsøgt af Spade, Ploug og Hakke, -                                                                                             Og ei indbydende til gavnlig Flid,                                                                                                   i smigrende med Haab om tunge Neger,                                                                                           Laae Egenæs forsømt frå Arilds Tid,                                                                                                 Og før, som Sagnet gaaer, begroet med Eger.[4]

Dei fyrste

Men kva var eigentleg Eiganes? Etter namnet å døma bør staden ha lege på eit nes der det vaks eik. Men det einaste neset som høver, er neset mellom Vågen i vest og Østervåg i aust  og nord for Breiavatnet – altså del av kjerneområdet til gamle Stavanger. Kan det stemma?

For å kunna seia noko om dette, gjennomførte konservator Asbjørn Simonsen ved Stavanger Museum ein omfattande pollenanalyse av Breiavatnet.[5] Desse gav eit godt inntrykk av plantelivet kring vatnet dei siste 6000 åra. Vegetasjonen var i den eldste tida prega av tett eikeskog med litt furu, men også bjørk og lind.

Kring 3000 f. Kr. viser pollenanalysane at det vart rydda glenner i skogen for beitemark – her dukka opp ugraspollen frå typiske beiteplanter. Truleg var folk på Eikaneset framleis ikkje bufaste, men fekk nytta heile opplandet ikring som beitemark: Eiganes, Hetland prestegård, Bispeladegården, Bergeland, Våland og jamvel kanskje både Ullandhaug og Auglend.[6]

Halvforbrænte Been                                                                                                                

Kring 1200 f. Kr. dukka kornpollenet opp, eit teikn på at det nå vart rydda – gjerne brunne – glenner i eikeskogen for åkerbruk. Eit teikn på at folk tok til å verta bufaste, er helleristingane ved det tidlegare Sjømannshjemmet på Rudlå som er frå denne tida. [7]

Kring 800 f. Kr tyder omfanget av kornpollen på oppbløming av åkerbruket. Konklusjonen er at det har vore fastbuande her på Eiganes sidan bronsealderen, seinast sidan kring 1200 f. Kr.

På denne tida reknar ein også at folk tok til å verta bufaste. Dei beste åkerområda her, var moreneryggen frå Valberget mot Domkyrkja og vidare vest mot Olavskleiva. Andre veleigna åkerområde var området der Lagård kyrkjegard ligg i dag og opp mot Bergeland og Hetland gamle kyrkjegard. [8]

Den tidlege og omfattande dyrkinga sidan sist på 1700-talet har fjerna det meste av arkeologiske funn i det som i dag er Eiganes. Zetlitz skriv at dei under ryddinga på området «Canaan», det seinare Ledaal, fann dei kring 1790 urner med «Halvforbrænte Been», så noko var der.[9]

Få fornminne

Eit sverd fann dei også i gravhaugane som låg på dette stykket. Nokre av gravhaugane vart sidan nytta som jordkjellarar for poteter. På den største ligg i dag krematoriet på Eiganes kyrkjegard. [10] Arkeologiske funn er difor til mindre hjelp når det gjeld tidfesting av den eldste busetnaden på Eiganes enn på gardar flest. Men pollenanalysane fortel at det ikkje var mindre utvikla busetnad og aktivitet på Eiganes enn på gardane nærast ikring: Stokka, Tasta eller Ullandhaug. Diverre har seinare aktivitet i den veksande byen fjerna fara etter folk i førhistorisk tid.

Folkevandringsgarden                                                                                              

Kring 3-500 e. Kr. auka det på att med kornpollen – særleg havre og bygg - i Breiavatnet. Det vitnar om ein omfattande ekspansjonsperiode for åkerbruket kring Breiavatnet. Me kan altså slå fast at det heldt til fastbuande folk som dreiv jordbruk – husdyrhald og åkerbruk- på neset lenge før Stavanger vart by. Og garden som låg her, heitte frå gammal tid Eiganes. Stavanger var den rette vågen som nå heiter «Vågen». [11] Stavanger vart fyrste gongen nemnd i eit skaldekvad frå 1042. Helle konkluderer med at Stavanger dels har namn etter den bratte skrenten ned frå Valberget mot Vågen og dels er *anger nemninga på sjølve vågen.[12]

Tun og innmark                                                                                      

Me landar altså på at det sentral gardsområdet for Eiganes sidan førkristen tid må ha lege på lausmassane frå Valberget via Domkyrkja til Olavskleiva. Det har vore spekulert om kanskje den eldgamle fegata – slik det var på den historiske garden - strekte seg frå eit tun som låg der Domkirkeplassen ligg i dag og til den staden ved nåverande Petrikirka som før heitte Pedersgjerdet. [13] Fegata er ein geil - to parallelle steingjerde - som førde buskapen frå tunet gjennom åkerområde og til utmarka i aust.

Våland og Bergeland var venteleg små, marginale folkevandringsgardar som etter busetnadskrisa frå kring 550 e.Kr. på nå vart lagt under Eiganes. Auglend tyder eit nyopprydda gardsområde med utgangspunkt i ein eldre gard. Med utgangspunkt i gardsnamnet, har det også lege ein folkevandringsgard på Hetland prestegard. Han har nok vore i samanhangande drift fram til nyare tid, men må vera skilt ut frå Eiganes.  Det same gjeld Bispeladegården.[14]

Alt dette må ha vore skilt ut frå ein sentralgard: Eiganes. Truleg låg tunet til den gamle Eiganesgarden om lag der Domkirkeplassen ligg i dag.

Egenæs prebende[15]

Namnet Eiganes er gammalt. Fyrste gongen me finn det nemnt, var i 1568 som prebende under Stavanger Domkapittel.[16] Prebendet omfatta då på den eine sida Eiganes og på den andre sida Hetland som begge låg i Maria kyrkjesokn. Begge gardane vart ved dei tider vurdert til to skippund – 48 spann – korn landskyld.[17] Sidan begge gardane då låg øyde, må me rekna med at landskylda hadde falle mykje sidan Svartedauden. For ein øydegard var to skippund skyld ei uvanleg høg kornskyld. I den eldste kapitteljordeboka – med oversyn over geistleg jordegods - frå kring 1591 vert Eiganes som den viktigaste garden, rekna opp fyrst av dei to i prebendet. Neste gong, i 1618, er rollene skifta!  Her heiter det at Eiganes låg øyde under Hetland.[18]

Fram til 1537 må såleis gardsområdet lege under Domkapitlet [19]– presteskapet ved domkyrkja - i Stavanger. Men dette siste året førde reformasjonen til at det vart overdrege til krona. Krona overlet prebendet til lagmannen i Stavanger som sat med det til i 1577 då det vart gitt vidare til underhald for Hans Pedersen, skulemeister i Stavanger. Gardsnamnet vart då skrive Eickaness, året etter Ekanes og i 1579 Eyckanes. Dette siste året vart Eiganes prebende lagt fast til soknepresten ved Domkyrkja.[20]

Ein leiglending på 1500-talet

Mot midten av 1500-talet kan det sjå ut til at det vart gjort ein freistnad på å setja ned leiglendingar på Egeness som det heitte i lensrekneskapen for Bergenhus i 1563.[21] Det året var det som nemnt nemleg ein viss Hans (Hans po Egeness) som betalte tre ort i leidangsskatt[22] av garden som då høyrde til Jåttå skipreide[23]. Og tre ort var om lag som ein middels skatt få. Denne Eiganes-garden vart då rekna som såkalla «stigtsgods», jordegods som før reformasjonen hadde lege under biskopen, men som nå høyrde til krona.

Frå kring 1570 og fram til kring 1607 vart denne parten bygsla til rådmannen i Stavanger, Østen Jonsson og sidan sonen hans, Jon Østensson. I 1602 betalte Jon Østensen i Stavanger 3 spann korn «Aff Eggenes», heitte det i lensrekneskapa. Det vil seia at Jon budde i Stavanger, men hadde ein nokså gjennomsnittleg åker for bønder flest på Eiganes.  

Då Østen tok over garden, ser det ut til at han låg øyde. Sidan det står at Jon budde i Stavanger, må me tru at bygningane som han og sonen reiste og forbetra, låg på eit tun utanfor det som nå var sjølve bykjernen. Men kvar låg eigentleg dette tunet? [24]

«Eegenæs Gaards Grund»

I 1726 teikna byskriva W. F. Aagaard eit kart over Stavanger by med «nestomliggende Gaarde og Holme.» På dette kartet har han også teikna inn «Eegenæs Gaards Grund Hvor Tompten endnu Wises». Dette kartet er heller omtrentleg, og Anders Bærheim laga eit nytt kart basert på kartet til Aagaard der han plasserer tunet 600 meter rett sør for Kalhammaren.

Dette må opplagt vera feil sidan kartet til Aagaard faktisk plasserer dette tunet nærare Vålandshaugen enn Kalhammaren. Ves å studera kartet nærare, plasserte han tunet noko vest for Våland, faktisk om lag der Ledaal ligg i dag. [25]

 
Aagaards kart over Stavanger med omegn frå 1726 Kilde: Stavanger byarkiv



Aagaards kart over Stavanger med omegn frå 1726



Kartet til Anders Bærheim.[26]

To gardar

Når me så kjem fram til «Grågås», kapitteljordeboka frå 1620, vert me litt forvirra. Her får me nemleg vita litt meir om dei to gardane og tek til å undrast over om me kanskje har med tre gardar å gjera. Dette året sådde dei på  Hetland som nå var soknepresten sin avlsgard[27], kring 10 tønner korn. Det svarar til ein åker på rundt 16 dekar der dei kunne avla rundt  fire tonn korn, venteleg mest havre.

Eiganes vart på si side utelukkande nytta som beite for byfolka i Stavanger.. Til saman fødde dei to gardane 40 storfe, 40 ungdyr og fire hestar. Vidare får me vita at øydegarden grensa til Bispeladegården, at han frå gammalt hadde lege under den og gav 1 ½ skippund i landskyld. Dette fortel oss at Eiganes faktisk var delt i to partar, ein som ytte to skippund korn og ein som gav 1 ½ spann korn.[28]  

Det var også denne parten av Eiganes som kong Christian IV i 1607 gav til Stavanger by som ekserserplass for borgarvæpninga i byen. Dette var venteleg eit vikarierande motiv for å få kongen på gli. Det dei ynskte, var å få Eiganes tilgjengeleg som felles beitemark for byfolket. I jordeboka frå 1615 heiter det då også at det var Stigtens Eiganes som vart lagt som «takmark»[29] under Stavanger.[30]

Slik vart det også til byborgarane i 1771 fekk pressa gjennom at denne marka skulle auksjonerast ut som løkker til dei.

Markagangsforretninga[31] anno 1686

Kartet til Aagaard er som nemnt heller omtrentleg. Eiganes vert ikkje nemnd korkje i matrikkelen av 1665, 1723 eller jordbruksteljinga i 1802. Men i 1686 vart det gjennomført ein omfattande markagangsforretning mellom Bispeladegården og Eiganes som drog opp grensene meir eksakt. Det heitte då at «Echenes» nå låg øyde og hadde ei landskyld på 1 ½ skippund korn. Men det vert lagt til at garden tidlegare då han var busett hadde ei landskyld på seks skippund korn, det vil seia som dei beste gardane på Jæren. Det heiter også her at Eiganes låg under Hetland prestegard, embetsgarden til soknepresten ved Domkyrkja.

Det som i dag er Ladegård kyrkjegard var då Bispeladegårdens «Agger og Enge Jord». Aust for denne åkeren, langs det som nå er Birkelandsgata, gjekk skiftet mot øydegarden nordover mot Breiavatnet. Sørover gjekk grensa til Hillevågsvatnet slik at det som sidan vart Paradis på søraustsida av Hillevågsvatnet også høyrde til øydegarden. [32]

Gardsgrenser i endring

Dette viser at øydegarden Eiganes i aust faktisk omfatta skråninga aust for Hillevågsvatnet og vidare nordover langs skråninga nordvestover mot Breiavatnet. Grensa mellom Hetland og Eiganes i aust veit me ikkje, men dei to områda smelta i alle fall saman slik at Hetland prestegard etter kvart omfatta heile halvøya aust for Hillevågsvatnet.

Ut frå vurderingane i kapitteljordeboka i 1591, må faktisk denne delen av Eiganes ha utgjort ein ganske stor del at Hetlandshalvøya.[33]

Bispeladegården hadde brukbart med åker, men det var verre med utmark og beitemark. I 1686 vert det berre nemnt ti storfe av smått og stort. Det var lite og bakgrunnen for at biskopane tidlegare leigde den austre delen av Eiganes av soknepresten.

Som det går fram, strekte altså Bispeladegården seg inn som ein kile i gardsområdet til Eiganes. Saman med Breiavatnet i nord og Hillevågsvatnet i sør, var den austre og den vestre delen av Eiganes heilt skilde frå kvarandre.

Knut Helle avviser at det kan dreia seg om to skilde gardar. I så fall må det ha vore eit nes heilt sør på Hetlandshalvøya eller på Kalhammaren som var dekka med eikeskog og ga dei to gardane namn. Men desse nesa ligg så perifert til i høve til gardane, at det ville vera utenkjeleg som namnegrunnlag. I det heile ville det vera i strid med gammal namneskikk å gje to tilgrensande gardar same namnet.[34]

Oppsplitting i nye gardar: Hetland og Bispeladegården

Forklaringa må difor vera at det var ein omfattande Eiganesgard og at Bispeladegården var skilt ut frå desse. Det einaste trulege neset, må altså ha vore neset mellom Vågen og Østervåg. Etter kvart som byen vaks fram, endra namnet på neset seg til «Skagen» som faktisk tyder «nes».. Det gjer det truleg at både Bispeladegården og Hetland prestegard opphavleg vart skilde ut frå Eiganes.

Kyrkjene vart også bygde kloss i tunet til dei historiske gardane. Den fyrste kyrkja ved Domkyrkjeplassen vart difor kanskje som eit statussymbol reist av mellomaldersk adel på Eiganes. Det meste av gardsvaldet – særleg på det sørvestlege platået – er det som sidan har behalde nemninga «Eiganes».

I 1567 får me vita at også Ullandhaug og Auklend var Stigtens gods, altså gammalt mellomaldersk bispegods.[35] Dette at også det næraste omlandet høyrde biskopen til, strekar under Stavangers posisjon som biskopens by.[36]

Kongebesøk gjorde Eiganes til felleseige

Når såleis Christian IV under besøket i Stavanger let seg overtala til å gje Eiganes som ekserserplass – og beiteområde – til byfolka, var det altså den vestre marka mellom Bispeladegården i vest, Auglend og Ullandhaug i sør, Tjensvoll i sørvest og Stokka og Tasta i nordvest og Byfjorden i nordaust det dreidde seg om.

Så langt me veit, låg dette området fram til 1772 utan busetnad. Noko aktivitet var det likevel. I 1708 fekk såleis Laurits Smith eit skøyte ved Eiganes av overrådmannen. Elleve år deretter gjekk bytinget i Stavanger til sak mot organist Lund for ulovleg å ha innhegna noko av Eiganes mark. Lund forsvara seg med at orgelverket trong vøling. Etter noko att og fram fekk han likevel leiga dette stykket mot å betala 24 skillingar årleg som eit vederlag.

Likevel var ikkje perioden utan vanskar. Åtte Stavanger-borgarar klaga såleis i desember 1719 til kongen over at nokre andre byfolk utan borgarbrev hadde teke seg til rette ved å hegna inne hagar og løkker til kornavl og høyslått. Etter grundig synfaring, kom det fram at området det galdt, var området frå Olavskleiva utover til Straen og på Kuholmen utanfor neset mellom Vågen og Østervåg. Alle desse områda vart rekna å ha høyrt til den vestlege Eiganes si opphavlege bymark. Generelt meinte både stiftsamtmannen og byfogden at byen var etablert på den vestlege Eiganes si bymark.[37]


Forbod mot torvskurd

Året etter, i november 1720, kom det også nye reglar for korleis reglene for bruk av Eiganes mark skulle overhaldast. Eit problem var ulovleg torvskurd - skjering av torv til brensel. Det var så pass omfattande, at det frå tid til annan vart lagt ned forbod mot torvskurd[38] på Eiganes. I 1723 vart det difor reist sak mot nokre byfolk, ni kvinner og to menn, for ulovleg torvskurd. Av desse som vart saksøkte for ulovleg å ha teke brenntorv i Eiganesmarka kan nemnast Gunhild Bodelsdotter, Kirsten i Kleivå, Kari på Haugen, Siri bakar, Kirsten vevar og Jons Mari for berre å nemna nokre.

Til svar fekk retten at dei hadde gjort dette for ikkje å frysa i hel. Hollenderane hadde drege av stad med det som fanst av brennved. I byretten fekk dei på grunn av fattigdommen gå fri. [39]

Mot privatisering                                                                                  

Utover på 1700-talet skjedde det ei generell endring når det galdt haldningar til eigedommar frå merkantilisme[40] til liberalisme, frå statsstyring og vekt på fellesskap til i større grad av kapitalisme. Byborgarane ynskte i større grad å eiga i den 3200 dekar store trebare og steinrike Eiganes. Det var også stadig klaging over at buskap frå nabogardane trengde inn på denne bymarka.

Vidare kom det framleis stadige forbod mot å skjæra grastorv til hustekking og torv til fyring. Dette hadde også tidlegare vore eit press på her, noko som førde til at byprivilegia vart fornya i 1735 etter dei fyrste som vart gitt byen av Erik av Pommeren i 1425. I samband med dei, vart det streka under forbodet mot å ta torv til brensel  og streka under at berre bybuarar kunne bruka området til beitemark.

Men trykket heldt fram, og det vart også halde fram at ved å leiga ut løkker, kunne det gje inntekter til byen. Dessutan kunne ein nyttiggjera seg området på ein annan måte når ulike leigarar fekk direkte interesse av å dyrka området. I 1760-åra kom det så eit veksande trykk frå byborgarane om at området måtte leggjast ut i parsellar og med påbod om at dei måtte inngjerdast med doble steingjerde.  

Oppstykking!

Straks etter at Søren Schiøtz i 1769 vart tilsett som byfogd, gjorde han framlegg om at Eiganes skulle stykkast opp og delast mellom byborgarane. Den 20. juli 1771 fekk han endeleg gjennom at Eiganes skulle stykkast opp og festast bort. Samstundes vart det bygd to vegar til Eiganes. Den eine var Løkkeveien som gjekk frå Olavskleiva mot nord. På austsida låg då bakken ned mot Vågen med gammal bybusetnad, på vestsida bymarka Eiganes som nå skulle stykkast opp i løkker. Den andre vegen var Eiganesveien som gjekk om lag frå Olavskleiva mot sørvestre kanten av området i retning Madla. [41]

Kiellandfamilien forsyner seg                                                                

Frå starten i 1771 melde 14 interessentar med konsul Jakob Kielland i spissen seg for å leiga løkker. Den fyrste som festa ei av løkkene her, var byborgaren Jacob Jansen Kielland (1726 – 1788) frå Sogndalstrand. Han og broren Gabriel Kirsebom Kielland (1724 – 1780) kom same året til Stavanger og festa då fleire av løkkene. Den fyrste løkka til Jacob, kalla han Canaan. Etter at Gabriel døydde i 1780, tok enka Birgitte Nyrup Petersen von Fyhren over drifta av verksemda og løkkene på Eiganes. Ho reiste også eit lysthus på andre sida av Eiganesvegen i forhold til Ledaal.

Etter at Jacob Kielland døydde i 1788, kom sonen Gabriel Schanche Kielland frå England og tok over firmaet etter faren.

I 1792 var 16 av løkkene bortfesta og gav byen ei festeinntekt på 60 dalarar årleg. Festarane var fem kjøpmenn og skipsreiarar, fire embetsmenn, fire handverkarar og tre som ikkje var byborgarar. Det var då den søre helvta av Eiganes som var bortfesta og vart avgrensa i nord av Stokkaveien, mot aust av Løkkeveien, mot sør av Madlaveien og Tjodolfs gate og mot vest av Holbergsgate.  [42]

I 1793 då Jens Zetlitz skreiv det omfattande diktet sitt, var 24 løkker festa. Vilkåra var då slik at ein fekk eit fyrste feste på 40 år. Då fall festet tilbake på byen som så kunne festa løkkene vidare til høgstbydande.

I 1792 hadde Eiganes fylgjande festarar:

A Skipstømmernann Knud Knudsen Holm
B 1) Amtmann Gunder Hammer
2) Tollinspektør Jens Emmiche Hviid
C Ikkje nemnd
D Mønsterskrivar Frederik Rosenkilde
E 1) Byens nattmann
2) Bakar Asbjørn Erichsen
A1 1) Oberst Michael Smith
2) Stadskaptein Lorentz Anckermann Smith
3a) Fogd Jacob Jørgen nKastrup
3b) Skipsreiar Helmich Gabrielsen
3c) Matros Aamund Gundersen
B1 1) Konsul Jacob Kielland
2) Konsul Gabriel Schancke Kielland
C1 1) Oberst Michael Smith
2) Konsul G. S. Kielland
D1 1) Oberst Michael Smith
2) Konsul G. S. Kielland
A2 1) Stolmaker Ole Enochsen
2) Postmester Jacob de Rytter
B2 Skomaker Jonas Jonassen
C2 Kypper Peder Lind
D2 Kypper Peder Lind
1 1) Kjøpmann Andreas Meier
2) Reiar Søren Cordtsen  
2 Skorsteinsfeiar Søren Taarland                
3 Skorsteinsfeiar Søren Taarland
4 Johannes Knudsen (Holm)?
5 Skipstømmermann Knud Knudsen Holm
6 Reiar Børge Rosenkilde                                          
7 Konsul G.S. Kielland
8 1) Apotekar Andreas Bosse
2) Konsul G. S. Kielland
3) Birgitte Nyerup Kielland, f. Pettersen
9 1) Apotekar Andreas Bosse
2) Kjøpmann Gabriel Kirsebom Kielland
3) Birgitte Nyerup Kielland
10 Birgitte Nyerup Kielland
Birgitte Nyerup Kielland

                      Nummera refererar til  tilsvarande nummerering på kartet.     [43]                                                            

Namn på Eiganes-løkkene

Løkker frå A til G: Ledaal, Canaen, Det lykkelige Arabien, det stenige Arabien, Hannasdal, Olufsroe, Breidablikk, Solbakken, Kampen, Holmegenæs, Fredhaim, Kroken og Døhringsborg.

Også: Bernerstykket, Steinkoffstykket, Skjævelandsstykket, Torgeresens løkke, Thomashagen, Misjonsmarken, Bybjørn Saxe bergstykket, Duestykket, Figvedsløkke, Racinemarken og Aarestadstykket. [44]

Konsulen får kjøpa, dei andre må leiga

Berre ein, konsul Jacob Kielland, fekk kjøpa jord på løkkene. Han lukkast i 1773 å kjøpa ein del av B1 som han kalla «Canaan» der Ledaal ligg i dag. Det var tenkt som ein tilfluktsstad for Kielland og familien i tilfelle bybrann, slike som herja Stavanger i 1766 og 1768.

21. januar 1773 fekk så Kielland innvilga søknaden og 25. oktober same året sto bygningane ferdige. Våningshuset vart då ganske likt det på Sandsgård på Nedstrand. Elles sette han opp ein stor driftsbygning med låve, stall, vognskur, fjøs og hevdaløe – alt under eit tak. I løpet av dei neste fire åra kom det til materialhus, eldhus og lysthus. Samstundes vart det også planta ein park som imponerte samtida.[45]

Gabriel Schanche Kielland overtok i 1791 eigedomsretten – fekk varig feste – på desse fire eigedommane på Eiganes. Han oppmoda også dei andre som hadde feste, om å søkja om å få eigedomsretten til løkkene. Det vart søkt kongen i 1798, men dei fekk avslag. Dei søkte på nytt i 1801, og Kielland la ved kart av Scheel over dei festa løkkene, men på ny vart det avslag.[46]

Ledaal – eit dansk praktbygg                                                                      

Kielland reiv nå det gamle lyststaden. I staden sette han opp eit nytt bygg han kalla Ledaal. Namnet er sett saman av den siste bokstaven i kvart av orda Gabriel, Schanche, Kielland, Johanna, Margaretha og Bull. Han anla også ein symmetrisk hage framfor bygget. Han dyrka også opp kring 120 dekar åker av alle slag kornsæd. Der skal han år om anna ha avla opp mot 20 tonn korn – nok til å fø rundt hundre menneske.

Kiellandslekta var elles ganske dominerande når det galdt utskiljinga og utviklinga av Eiganes. Tek me utgangspunkt i diktaren Jens Zetlitz som laga det omfattande diktverket om Eiganes, var apotekar Andreas Bosse stefar hans, Gabriel Schanche svogeren, oberst Michael Smith onkel til kona, Lorentz Anckermann Smith var fetter til kona medan Gabriel Kirsebom Kielland var gift syskenbarnet hennar, Birgitte Nyerup Pettersen. Såleis festa denne slekta ti av dei 24 løkkene som Jens Zetlitz skildra i diktet sitt. [47]

Folket på Eiganes i 1801                                                                      

I 1801 vert det rekna opp 30 personar som budde på Eiganes, alle fattigfolk: To ugifte landsoldatar, ein gammal matrosei ugift mor med barn, ein skoflikkar, ei losjerande som levde av handarbeid  og fire som gjekk kring som daglønarar. Av dei 30 var elles elleve mindreårige born.[48]

 
Løkkene på Eiganes i 1830. Kilde:Stavanger byarkiv



Stavanger i 1855. Teikna av B. Hielm



Litteraturliste

  • Aarre, Bjørn: Slekten Kielland, Frå festetot til storgård Stavanger 2012
  • Brøgger, A. W.: Stavangers historie i middelalderen, Stavanger 1915
  • Flor, P.P.: Oekonomisk Reise til Lister og Jedderen 1810, Topografisk-Statistisk Samlingar, Christiania 1811
  • De Fine, Bendix C.: Stavanger Amptes udførlige Beskrivelse, Stavanger 1952
  • Egeland, Kjølv, Stavanger på 1800-tallet, Stavanger 1975
  • Elgvin, Johannes: En by i kamp, Stavanger 1956
  • Erichsen, A. E., Samlinger til Stavangers historie, Stavanger 1906
  • Erichsen, A.E.: Samlinger til Stavangers historie, Stavanger 1953
  • Ersland, Geir Atle: Stavanger bys historie. Bispeby og borgarby: Frå Opphavet til 1815. Stavanger 2012
  • Folketelling 1802, Rogaland, Stavanger 1994
  • Gundersen, Erik: Samlinger til Stavangers historie, Stavanger 1971.
  • Helle, Knut: Stavanger: Fra våg til by, Stavanger 1975
  • Haaland, Erling: John Rasmussen Haugvaldstad, 1959
  • Kallelid, Ole: Sild og seil. Stavangers historie 1815 – 1890. Stavanger 1912
  • Kvitrud, Arne: Stavangers hjerte i vikingtid og middelalder, Stavanger 2024
  • Lexow, Jan Hendrich, Fra Canaan til Ledaal Kunst og kulturhistorie, Stavanger 1988
  • Lexow, Jan Hendrich: Ledaal, Stavanger 1951
  • Lexow, Jan Hendrich: Breidablikk, Stavanger 1995
  • Lexow, Jan Hendrich: Ledaal, Stavanger 1995
  • Lillehammer, Arnvid: Arkeologiske bidrag til Stavangers mellomalderhistorie. Stavanger museums årbok, 1971, Stavanger 1972
  • Lillehammer, Arnvid: Rapport om forprosjektet mellomalderbyen Stavanger, Stavanger 2000
  • Lous, Carl: En Stavangersk Cicerone, Stavanger 1868
  • Olsen, Ståle: Øde og bygde garder i Goa og Jåttå skipreider, Bergen 1976
  • Pram, Christen: Kopibøker fra reiser i Norge 1904 – 06. Oslo 1964
  • Rygh, Sigurd: Gamle grunnarealer i Stavanger, Ætt og Heim 1973
  • Simonsen, Asbjørn: Breiavatnet og Stavangers eldste historie, SMÅ 1971, Stavanger 1972.
  • Schnitler, Carl W. Norske haver i gammel og ny tid, Christiania  1916
  • Skadberg, Gunnar: I slekt med hele byen, Stavanger 2002
  • Sletten, Vegard: Fram stig Rogaland. Stavanger 1943
  • Strøm, Boye: Norges land og folk, bd. XI, Stavanger Amt, Christiania 1888
  • Sørby, Hild og Grimnes, Per: Eiganesveien, fra kjerrevei til praktgate. Stavanger 2020.
  • Thoring, Erik: Stavanger byleksikon, Stavanger 2008.
  • Utne, Bjørn: Kulturlandskapet i Stavanger, historisk del. Stavanger 1991
  • Zetlitz, Jens: Egenæs. Et digt med Anmærkninger. 1825/1969 , Stavanger 1969
  • Øverland, O. A: Illustrert Norgeshistorie, Christiania 1896 

Kjelder

  • Kapitteljordebok for Stavanger kapittel, 1618, Danske kanselliet, skap 9, pk. 108
  • Stavanger Stifts jordebok ca. 1590, Danske kanselliet, skap 9, pk. 133
  • Stavanger Stifts jordebok ca. 1620, «Grågås», Bispearkivet

[1] Zetlitz, 1969. s. 17 ff.

[2] Zetlitz, Egenæs, 18125/1969, s.10ff

[3] Person som behandlar sårskader i samband med krig, ofte kirurgisk.

[4] Strøm. Boye, s. 106.

[5] Siminsen, 1971, s. 39ff

[6] Simonsen, 1971, s. 39 ff.

[7] Thoring, 2008, s.  , Utne, 1991

[8] Simonsen, 1971, s. 39ff.

[9] Zetlitz, 1969, s. 27

[10] SMÅ 1957, s. 125

[11] Stadnamndrøftinga til Knut Helle, «Frå våg til by», s. 11 ff

[12] Helle, 1975, s. 42ff, Særheim, Inge: Stadnamn i Rogaland, Stavanger 2007, s.216

[13] Refheim, s. 52 ff.

[14] Helle,1975, s. 42ff

[15] Prebende tyer eigentleg kosthald. Det var eigedommar, jordegods skulle finansiera personr knytt til domkapitlet.

[16] Presteskapet ved domkyrkja.

[17] Landskyld – Eit mål for verdien på jordeigedom, den årlege leiga ein leiglending betalte jordeigaren.

[18] Stavanger domkapittels jordebok, 1591 og 1620.

[19] Domkapittel – prestekollegiet ved ei domkyrkje.

[20] Helle, 1975, s. 42ff

[21] NLR III, s. 3, «Skatte aff Bergenhuus leen anno 1563.

[22] Skatt opphavleg til å finansiera sjøforsvaret, etter mellomalderen ein meir generell skatt.

[23] Skipreide – eit administrativt område der innbyggjarane opphavleg skulle halda eit leidangsskip.

[24] Helle, 1975, s. 45.

[25] Helle, 1975, s. 42 ff.

[26] Helle, 1975, s. 44

[27] Avlsgard- gard som vart driven av prestens tenestefolk.

[28] Grågås, 1620/1986, s.53 og 55

[29] «Takmark» - nemning for eit utmarksområde som låg til ein by, og som byfolka kunne nytta til beite, jordbruk og andre føremål.

[30] Helle, 1975, s. 45

[31] Markagangsforretning – ein vurdering i marka av grenser og dei jordbruksmessige kvalitetane til ein gard.

[32] Markegangs- og synfaringsforretning mellom Bispeladegård og Hetland prestegård 1686, Riksarkivet, Localia, pakke 34a. og Bærheim, SMÅ 1958, s. 85

[33] Helle, 1975, s. 42 ff. Og s. 45.

[34] Helle, 1975, s. 48

[35] NLR, bd.4, s. 168

[36] Helle, 1975, s. 45

[37] Copibøker for Chr. Stift, aug 1718, fol 418 -20, mars 1720-apr.1724., fol 11-18.

[38] Tovskurd – å skjære torv i myrane

[39] Gundersen, 1971, s. 239

[40] Merkantilisme – Framherskande politisk tenking 1550 – 1750 der det i fyrste rekkje galdt å sikra handelsoverskot.

[41] Aarre, 2012, s.

[42] Zetlitz, 1825/1969, s. 11

[43] Zetlitz, 1825/1969, s. 13

[44] Utne, 1991, s. 14

[45] Lexow, 1988, s. 48ff

[46] Lexow, Ledaal, 195, s. 4 ff.

[47] Zetlitz, 1825/1969, s. 13

[48] 1801, Stavanger 1994, s. 173 f.