Einar Tufte (1898–1972)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Einar Tufte (1898-1972)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Annonse for romana Vidden Taler i Aftenposten i april 1924.
Foto: Aftenposten 10. april 1924. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.

Einar Tufte (fødd 13. oktober 1898, død 1972) kom frå Seljord. Då han var tjuge år gamal starta han Seljord Dropsfabrikk. Seinare dreiv han bakeri, landhandel og elektrisk forretning. I ein periode levde han også av å vere forfattar.

I 1924 gav Tufte ut to bøkar; «I Eventyrets spor» kom ut under navnet Varg Fjell. Den andre romana heitte «Vidden taler». I alt gav han ut fire romanar, og fleire av desse var prega av lyriske naturskildringar. I tillegg til romanane skreiv han ei rekke artiklar om bygdekunstnarane frå Telemark.

Bibliografi

  • Fjeld, Varg, I eventyrets spor, 1924.
  • Tufte, Einar, Vidden taler, 1924.
  • Tufte, Einar, Doktor Alm, 1925.
  • Tufte, Einar, Til Seljord, 1925.
  • Tufte, Einar, Jonasser, 1936.

Kjelder og vidare lesning