Emblemsfjellet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Emblemsfjellet i Ålesund kommune er namnet på fjellstykket på Yksenøya som strekker seg frå Spjelkavika i vest til Glomset og Valle i aust. Opphaveleg var namnet truleg nytta om parten til kun Emblemsbygda. Det vil seie at Emblemsfjellet grensa mot Blindheim og Blindheimsfjellet i vest, Honningdalen og Glomset i aust og ei grenselinje mot Vasstranda og Brusdalsvatnet frå omlag Bigtonvatnet og austover mot Vasstrandseggane. Dei høgste toppane er Vasstrandseggane og Merafta, men begge ligg like over kommunegrensa til Skodje og kan difor seiast å ikkje ha tilhøyrd Emblemsfjellet og Emblemsbygda tradisjonelt. Dagens grenser er baserte på utmarksutskiftinga frå 1892, med påfølgande krav frå styresmaktene om å sette opp nye grensegjerder i stein. Desse er det framleis mogeleg å spore.

Det meste av skogen vart uthoggen på 16- og 1700-talet, men der er framleis spor etter store tre i myrene. Med større opne fjellområder vart det truleg også meir seterdrift, men det førte også til aukande problemar med rovdyr, så gjetarane i eldre tid var stort sett vaksne tenarar. Fram mot 1850-åra vart det vanlegare med større bjønnajag og ikkje minst ulvejag på Yksenøya på langs heilt til Dragsundet ved garden Solnør. Ved eit tilfelle, i 1827 vart truleg det største jaget på ulv på Sunnmøre gjennomført. Amtmann Krogh hadde gått god for stortingsmann Arne Grønningseter sin plan om å koordinere eit samla jag på heile nordre Sunnmøre samstundes. Planen gjekk ut på å gå manngard frå Spjelkavika mot Skodje, medan ein ei tid i forvegen hadde starta å jage frå Tafjordfjella og Valldalen i aust. Folk i Tresfjorden og på Vestnes skulle stogge fluktruta mot nord, medan jaget skulle gå vidare over Taftesundet mot Ellingsøya og Kverve der ulveflokkane skulle drepast. Men planen vart sabotert og mislukkast. Der finst ei rekkje fortellingar om bjørn som braut seg inn i fjøs og sel både i bygda og på Emblemsfjellet. Ved eit tilfelle la ei kvige på svøm over Setrevatnet ved Østremsetra med ein bjørn hengande i bakbarten over vatnet.

På Emblemsfjellet har der vore ei rekke setrar, der dei fleste framleis er i bruk som hyttefelt. Dei eldste kjende setrane er det berre namna igjen etter. Ved Eikenosa er der ein stad som kan ha tilhøyrd Eikenosøydegard. vest for Bigtonvatnet er der eit lite vatn som heiter Haustølvatnet. Ved den sørvestlege enden låg truleg den eldste kjende setra til garden Emblem. Det vert fortalt at den vart fråflytta då huldra vart så plagsam. Truleg er det heller snakk om klimaendringane tilknytt den lille istida kring 1600-talet. Setra vart flytt til lågare lende i Emblemsdalen vest for Langevatnet og vart liggande der til 1934. Då kom der traktorveg til Østremsetra. Sela vart difor flytta over Breiskaret og nærare denne vegen. Den siste budeia setra der i Ystebøselet i 1937. Det selet vart aldri flytta derifrå. Frå no av vart den gamle emblemsetra delt i Skillingsetra, tett under Høgkubben og Auresetra litt nærare Rotanakken og Røssevollen. Øtremsetra har kanskje alltid lagt der den ligg i våre dagar mot grensa til Skodje og Honningdalen på Glomset. Aksla og Reiten har derimot flytta si seter minst ein gong. Dette skuldast også den nye vegen og moglegheit for meir lettvint frakt av mjølka til bygda og Emblemsruta som dei siste åra frakta mjølka til Sunnmøre meieri i Ålesund. Dei vart flytta frå Urastølen som låg ved Goltheiane på austsida av Setrevatnet. Magerholm har flytta setra si minst ein gong dei óg. I nyare tid har den lagt i Magerholmdalen, men der er eit namn nærare garden som tyder på at den har lagt der. Det er ved "Gamseternakken". Hesseberg har truleg alltid hatt setrane sine oppi fjellsida mot grensa til Magerholmdalen.

I våre dagar er Emblemsfjellet først og fremst eit turmål på fritida. Alle setrane er nedlagde og lauvskogen har byrja å ta att stadig meir terreng der det før var open furuskog og myr. Men der er eit unntak. Emblem idretslag har dei siste åra satsa stort på eit løypenett og infrastruktur til glede for både eigne medlemmar og innbyggarane i Ålesund kommune, med oppkøyring av skiløyper på vinteren. Saman med dugnadsgjengen ved turheisa i Spjelkavika har dei også eit tilbod om samanhengande løypetrassé over heile fjellet når snøen tillet det. På 1980-talet vart det også arrangert eit eige turrenn med oppstart på Emblem skule eller Grønevollen som vart kalla "Kubberennet". Snøfattige vintrar utover mot 1990 sette derimot ein stoppar for dette rennet.

Kjelder/vidare lesing

Det er mogeleg å lesa meir om lokale namn på Emblemsfjellet på www.emblemsbygda.com.

Her kan du også lesa litt meir om Østremsetra, Akslasetra, Gamle Emblemseter, "Ølkona" og fjellnamnet Merafta eller Blåfjellet samt finne bakgrunskjeldene til det meste av det som er skrive her.