Esefjorden krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skulen sto nett der vegen går i dag. Muren oppe til høgre i biletet er gamlevegen som gjekk frå hovudvegen over og ned til skulehuset og nausta som høyrde til.

Esefjorden krins var ein skulekrins i Balestrand kommune i Sogn. Krinsen vart slegen saman med Sagatun skule i 1962.

Skulehus

Skulehuset låg mellom gardane Grøneng og Nesheim på nordsida av Esefjorden i Balestrand. Huset vart bygd i 1884 og var då «ei gamaldags sperrestove med paneling under sperrene», 8,30 meter langt og 5 meter breidt. Huset hadde tre rom; skulerommet (5,70m x 5m), ein gang (2,60m x 2,10m) og eit kammers eller «aftrædelsesværelse» for læraren (2,60m x 2,30m). Det skal ha vore plass til 24 born i klasserommet.[1]

For varme hadde dei ein stor vedkomfyr og dei hadde innlagt vatn. Dei hadde ogso ein lekeplass og utedo på skuleplassen. I klasserommet vart det både en- og tomannspulter.

I 1948 var huset gamalt og tilsynsutvalet merka seg store behov for renovering. Huset trengde nytt tak, nytt golv og nye dørar. I tillegg hadde det ikkje kjellar og grunnmuren var ikkje god nok, slik at huset seig. Krinsen meinte alt i alt at reparasjon ville koste så mykje at ein like gjerne kunne byggje nytt. Og skulle ein gjere det, meinte dei at eit nybygg burde setjast på ein meir framkommeleg plass.[1]

Skulehuset vart rive på 60-talet då den nye vegen langs fjorden vart bygd.

Skuledagen

Skulen starta 9 om morgonen, og dei gjekk på skulen annakvar dag. I friminuttane var da mykje leik, og det skal ogso ha vore lite mobbing. Foreldra var ikkje aktive i skulegangen, og ofte følgte dei ikkje barna til skulen i 1. klasse heller. Kvar morgen begynte med salmevers som ein måtte pugge. Ein måtte ta med seg mat heimanfrå. For eksamen kunne dei mellom anna ha norsk og regning. Ein kunne ogso ha muntleg eksamen. Dei hadde ogso innleveringar ein måtte ta med heimefrå, skreve med skjønnskrift. Dei hadde utstyr som blyantar og passarar.

Fest og moro

Rundt juletidar blei det arrangert juletrefest. På tidleg 1900-tal vart det også arrangert andre festar og markeringar i skulehuset. I 1914 skildra læraren Torstein Oppedal markeringa dei hadde hatt i samband med 100-årsjubileet for grunnlova:

«Den 25. februar kl. 4 etter middag samlast skulebarni saman med foreldra og andre vaksne i skulehuset til fest. Huset har vært pryda med flag og granbar. Læraren T.O. fortalde um hendingane i 1814 før 25. februar og serskilt um bedagen – den 25 – kva verd den dagen fekk for vaar seinare utvikling, og kva dagen krev av oss. Salmar og songar vart sunge. Til slutt flidde læraren barni kvar sitt eksemplar av det festskriftet, som kyrkjestyret hadde sendt ut. Vonleg vil den stemningsrike festen minnast lenge av dei, som var med.»[2]

I 1936 vart også 200-årsdagen for innføringa av konfirmasjonen markert ved skulen.[2]

Skulevegen

Fleire elevar kom frå andre sida av fjorden. Det vert fortald at mot slutten av skuledrifta, på tidleg 60-tal, tok læraren, som budde i Balestrand, med seg elevar som ikkje sokna til Esefjorden over i robåt då han reiste på arbeid. Dette for å halde elevtalet oppe og skulen i drift.

Gunnvor Høydal forteller at skulevegen var på ca 1 kilometer, men ogso at det var andre elevar som måtte gå lengre.

Læraren på tidleg 60-tal hadde naust der dei nye, raude nausta står. Han skal ha rodd over og teke elevar med seg for å halde liv i Esefjorden skule.

Lærarar

Ei oversikt over lærarar i heile Balestrand finnes i Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1891-1895 og Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1896-1900.. Dei oppgir ikkje kva for skular dei ulike lærarane underviste ved, men vi kan finne igjen signaturane deira i skuleprotokollane, som kan brukast som ei peikepinn når og kor dei ulike lærarane underviste. Fleire av dei underviste også ved andre skular i Balestrand. Ytterlegare informasjon om lærarane i tabellen er henta frå Soga om grunnskulen 1739-1989[3].

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
A. P. Øvrebø[4] 1842 Esefjorden krins 1864 1888 Seminar på Stord Kyrkjesongar
Hans O. Hellen[5] 1843 Esefjorden krins 1864 1899 Balestrand lærarskule Underviste også ved Eithun skule
Torstein H. I. Oppedal 1876 Esefjorden krins 1900 Notodden seminar Frå 1915 heil post i Sagatun
Per Tue Esefjorden krins 1916
Agnes Sundal Esefjorden krins 1921 1928
Johan Nilsen Ese Esefjorden krins (1928) 1931 1968

Foto

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Møtebok for tilsynsutvalet i Esefjorden skulekrins, 1890-1962. Side 34. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  2. 2,0 2,1 Dagbok for Esefjord krins 1906-1952.
  3. Urtegaard, Gunnar. Bering, Bjørn. Kleppa, Hermund (1989) Soga om grunnskulen 1739-1989. Balestrand kommune.
  4. Dagbok for Esefjorden krins 1882-1905
  5. Dagbok for Esefjorden krins 1882-1905.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Munnlege kjelder frå grunneigar av det som var skuletomta.
  • Munnlege kilder frå Gunnvor Høydal


Koordinater: 61.21535° N 6.49449° Ø