Even Tollevsen Nubberud (1778–1859)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Even Tollevsen Nubberud (fødd 17. januar 1778, død 11. mars 1859) var gardbrukar og politikar.

Even Tollevsen vart fødd på garden Rolstad i Sigdal, og foreldra var Tollev Olsen Rolstad (1724 –1799) og Åse Andersdotter Hoffart (1740–1821). I 1804 gifte han seg med enkja på garden Nubberud, Live Torsteinsdotter Grønhovd (1762 –1840), og vart etter det kalla Even Nubberud. Kona hadde ingen barn i fyrste ekteskapet, og ho og Even fekk heller ingen barn. Dei skreiv derfor gjensidig testamente, og da kona døydde, vart Even Nubberud eigar av garden.[1]

Even Nubberud dreiv garden Nubberud frå 1804 og fram til han døydde i 1859. Andreas Mørch skriv i bygdesoga for Sigdal og Eggedal at «Even Nubberud var sikkert en av de dyktigste jordbrukerne her den tida».[2]

Even Nubberud synte stor interesse for utdanning og opplysning. Han hadde eit etter måten stort privatbibliotek[3] og gav 10 riksdalar da det skulle skipast ei folkeboksamling i bygda i 1837, ‘det var helst av hans egne penger’ skriv Andreas Mørch. Til saman kom det inn 30 riksdalar frå private i bygda. Even Nubberud var òg ein av dei som stod for innkjøp av bøker til samlinga.[4] 1. juli 1811 sende direksjonen i «Det kongelige selskab for Norges Vel» saman med prins Fredrich av Hessen ut ei subskribsjonsinnbyding til om å vera med på å støtte opprettinga av eit universitet i Noreg. Even Nubberud ga 20 riksdalar og bror hans, Ole T. Rolstad, gav 30 riksdalar.[5]

I ei innberetning frå amtmannen i Buskerud i 1834 er det nemnt at Even Nubberud da dreiv eit teglverk i kommunen med to tilsette. Han leverte 5000 takstein og 5000 murstein i året.[6]

Even Nubberud var også på andre område ein aktiv mann både i bygda og utafor. Han stod for kornutdelinga i naudsåret 1813 saman med broren, Ole T. Rolstad. Han var likningsmann for sølvskatten 1816, medlem i forliksrådet og med i matrikuleringsnemnda både i heimbygda og utabygds.[7]

Even Nubberud var varamann til Stortinget i 1815 og 1816. Han vart vald som stortingsmann frå Buskerud i 1821 og til omframt storting i 1822. I 1821 sat han i fire komitear, m.a. skysslovkomiteen.[8]

Det finst ei notesamling som Even Nubberud åtte med ein del slåttar frå Kongsbergmarken. Samlinga vert kalla Nubberudsamlinga og inneheld 20 slåttar, stort sett runddansmusikk. Andreas Mørch skriv at det er Even Nubberud sjølv som har skrive ned slåttane.[9][10]

Even Nubberud lå i lang tid til sengs og hadde ikkje hug til å vera med i livet på same vis som før. «Han ville ikke opp enda det visst ikke var noe som mangla på kroppen» skriv Andreas Mørch i bygdesoga. Der står det også ei forteljing som Marte S. Båsen har fortalt til Andreas Mørch om korleis Even Nubberud kom opp av senga og tilbake til livet. Ein god spelemann som vart kalla Dauve-Hans fordi han høyrde så dårleg, kom til garden og sette seg til å spela for Even med ei fele som hang på veggen i rommet der Even låg. Even sette seg opp i senga og lydde og "kom i sinne at han ville opp». «Etter den dagen var Even på beina og Dauve-Hans stod høgt for Even etterpå."[11]

Even Nubberud døydde på Nubberud og vart gravlagd ved Holmen kyrkje i Sigdal. På grava vart det reist ein kross med denne innskrifta:

Herunder Hviler De Jordiske Lefninger af Even Tollefsen Nubberud født den 17 Januari 1778 død d. 11 Marts 1859.

Salige Eere De Døde Som Døe I Herren. De Skal Hvile Fra Deres Arbeid. Men Deres Gierninger Følger Med Dem.[12]

Referansar

  1. Andreas Mørch: Sigdal og Eggedal. Gard og slekt. Bind II og III, Sigdal historielag, s. 568
  2. Andreas Mørch: Sigdal og Eggedal. Bygdehistorie. Bind IV og V. Sigdal historielag, s. 99
  3. Andreas Mørch: Sigdal og Eggedal. Bygdehistorie. Bind IV og V. Sigdal historielag, s. 1072
  4. Andreas Mørch: Sigdal og Eggedal. Bygdehistorie. Bind IV og V. Sigdal historielag, s. 1073
  5. Gamle Modum 1998
  6. Andreas Mørch: Sigdal og Eggedal. Bygdehistorie. Bind IV og V. Sigdal historielag, s. 313.
  7. Andreas Mørch: Sigdal og Eggedal. Gard og slekt. Bind II og III, Sigdal historielag, s. 568
  8. Stortinget og statsraadet : 1814-1914. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø : samt tillæg, s.649Biographiske Efterretninger om Eidsvolds-Repræsentanter og Storthingsmænd i Tidsrummet 1814-1845 / udgivne af Bernt Moe. Christiania.Trykt og forlagt af Chr. Schibsted. 1845.
  9. http://www.kongsberg-spelogdans.no/kirkekonsert-09.htm
  10. Andreas Mørch: Sigdal og Eggedal. Bygdehistorie. Bind IV og V. Sigdal historielag, s. 1278
  11. Andreas Mørch: Sigdal og Eggedal. Bygdehistorie. Bind IV og V. Sigdal historielag, s. 1279
  12. Andreas Mørch: Sigdal og Eggedal. Bygdehistorie. Bind IV og V. Sigdal historielag, s. 1243