Fårøya (Aure)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fårøya.
Foto: Olve Utne

Fårøya, Forrøya eller Furøya, lokal uttale ["fɔɾˌʌya] (nominativ/akkusativ), ["fɔɾˌʌ:’n] (dativ), er ei øy som ligg vest-sørvest for utløpet av TømmervågenTustna i Aure kommuneNordmøre. Holmen gjev Tømmervågen noko ly for sørvest-vêret, og han har vorte bruka som beite til sauer. Tidleg på 1900-talet vart det tørka kleppfisk der, og det er framleis mange støypte sementstiar kring på Fårøya. Bryggja (sjøhuset), som låg nærme søraustenden av Fårøya, stod til nedfalls i 1970-åra. På nordsida av Fårøya ligg den litle holmen Litl-Fårøya. Fartøyleia rett vest frå Tømmervågen mot Talgsjøen går på nordsida av Fårøya og vidare utover forbi Sandholmen, medan den indre fartøyleia går nærme austsida av Fårøya, på vestsida av Skipsskjer.