Fagerheim Hotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hotellbygningen i Bøgata 87 slik den såg ut i 2017.
Foto: Roy Olsen

Fagerheim Hotell låg i Bøgata 87 (Gnr. 53/240, «Fagerheim»). Hotellet opna i 1925, og dreiv overnattingsverksemd fram til 1978.

Historikk

Hotellbygningen blei satt opp av Halvor Langkås i 1924. "Fagerheim Hotell" opna året etter, og det var "søstrene Fossheim" som dreiv hotellet frå byrjinga.[1] Snart skifta hotellet namn til Fagerheim Hospits eller Fagerheim Hospits og Kafé.[2]

I 1938 blei hotellet overtatt av Anna Hauge (fødd Fossheim). På slutten av 1940-talet var Johan Hauge innehavar.[3]

I fylgje Johs. Sætherskar var Fagerheim det einaste hotellet i Bø-byen i 1949. Hotellet hadde plass til 15 gjester, og var avgangsstad for rutebilar til Skien og Notodden med kort avstand til jarnbanen, Bø stasjon. I fyrste etasje var det kafé.[4]

I 1978 var det slutt på overnattingsverksemda på Fagerheim. Telemark Distriktshøgskule legde huset til kontor og "velferdslokale" for studentane i nokre år. Seinare vart det opna kinarestaurant i bygget.

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 725.
  2. Til Telemark, 1954, s. 52.
  3. Sætherskar, 1949, s. 725.
  4. Sætherskar, 1949, s. 725.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949.
  • Til Telemark, Horten : Notodden turistkontor i samarb. med Aasm. Engens forlag, 1954.