Fiskarstrand

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fiskarstrand, Fiskarstranda eller Fiskerstrand er ei bygd i Sula kommuneSunnmøre. Fiskerstrand ligg nord på øya Sula, ved Humlesundet, omlag 5 km aust for tettstaden Langevåg og omlag 2,5 km vest for Mauseidvåg.

Fast busetnad på staden har det heilt sikkert vore sidan 1630-åra, mens namnet Fiskerstrand først er kjent frå 1701.[1] Fiskerstrand er brukt som slektsnamn av meir enn 300 personar i Norge.[2] Det er funne vikinggraver på staden.

Riksveg 657 går gjennom Fiskartrand.

Fiskarstrand skule er barneskule. Det er særleg fotball og handball som er aktiviteten i Fiskerstrand idrettslag. Den største bedrifta er Fiskerstrand Verft, grunnlagt i 1909. Severin Tranvåg AS blei etablert i 1914 av Olav E. Fiskerstrand. J&J Dybvik AS er ei fiskeforedlingsbedrift.

Referansar

  1. Borgund & Giske, bind 3, side 234-235.
  2. Navnestatistikken - Statistisk Sentralbyrå (søkedato: 2009)

Eksterne lenkjer