Fjelberg kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fjelberg kommune i Hordaland vart oppretta i 1838 ut frå Fjelberg sokn. I 1855 vart Eid kommune innlemma; denne kommunen svara til Eid sokn i Fjelberg prestegjeld, så frå 1855 var heile prestegjeldet samla i ein kommune. Namnet kom frå Fjelbergøy.
I 1916 vart Ølen kommune utskild frå Fjelberg.
I 1964 vart Fjelberg innlemma i Kvinnherad kommune. Fjelberg bestod då av dei store øyene mellom Skånevikfjorden og Husnesfjorden (Halsnøy, Borgundøy og Fjelbergøy) sør i noverande Kvinnherad og fastlandsområde Valen (Kvinnherad. Arealet var på 79,5 km², og det var 2257 innbyggjarar.
Litteratur
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- Fjelberg i Store norske leksikon.