Fjellet pelsdyrlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fjellet pelsdyrlag blei meldt til firmaregisteret 28. april 1931. Dato for vedtektene var sett til 25. november 1930. Formålet med aksjeselskapet var al og omsetting av pelsdyr, og forretningskontor låg i gamle Lunde kommune, noverande Nome kommune i Telemark.

Ved etableringa hadde pelsdyrlaget ein aksjekapital på kr 41.250,- fordelt på 165 aksjar à kr. 250,-. Kr. 2.800,- av aksjekapitalen blei nytta til ei tiårig leigekontrakt med eigendomen Fjellet i Lunde. Pelsdyroppdrettar Halvor Skjelhaug var bestyrar for selskapet. Formannen i styret var bankdirektør Olav Ajer og varaformann var bankkasserar Halvor Ajer. Elles sat kommunelege Bjørn Heggelund i styret. Varamenn var Sigmund Funnemark og Halvor Ovenstrøm.[1]

Arkiv

Arkivet frå Fjellet pelsdyrlag A/S er deponert hjå IKA Kongsberg av Lunde kommune. Sjå lenke til oppføring på arkivportalen.no.

Referansar

  1. Handelsregistre for Kongeriket Norge, 1931, s. 847.

Kjelder