Flåm
Hopp til navigering
Hopp til søk
Flåm er ei bygd inst i Aurlandsfjorden i Aurland kommune. Det er kring 400 innbyggjarar i bygda, og bustadene er såpass spreidd at Flåm ikkje har status som tettstad.
Flåm er særlig kjend for endestasjonen på Flåmsbana, som knyttast til Bergensbanen på Myrdal stasjon, og for ein av dei største cruisehamnene i Noreg. I 2016 var det 240 000 cruisepassasjerar på dagsbesøk i bygda – altså kring 600 gonger folketalet. I 2017 skal det ha vore enda 10 000 fleire, og totalt rekner ein med at kring 1,4 millionar menneske var innom Flåm i løpet av året.
Forfattaren Per Sivle vart fødd i Flåm, og det står eit minnesmerke over han ved Flåm kyrkje.
Galleri
Litteratur og kjelder
- Flåm på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Faktaark fra Kartverket.