Fløystad (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vi ser nedover Lensmannsgata med Fløystad til venstre. Steinsland og Homman til høgre.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011).

Fløystad (Fyresdal gnr. 37/5/8) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal med adresse Skippergata 12. Kjetil Knutson fekk arvefeste på jordstykket Fløystad i 1892 for kroner 15 årleg leige. I 1899 fekk Olav Gjermundson Haugen og kona, Tone Tovsdotter Ormtveit arvefeste på 1/2 mål for 15,50 kroner årleg. Arvefestet til Kjetil Knutson fekk dei i 1911. Her bygde dei bustad som dei kalla Fløystad. Hus til plassen vart flytt frå gnr. 4/2 Midtstog Jordal som Olav eigde, han tok med seg stovebygningen der ned til Fløystad.

Olav Gj. Haugen hadde vore landhandlar og gardbrukar før han kom hit, på Fløystad livnærte han seg som selemakar. Seinare har det budd realskulelærar, snikkar, røyrleggjar og sjukepleiar her.

Kjelder og utdjupande lesnad

  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag, s. 11, 14.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.