Flekkjekniv

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
flekkjekniv
Foto: Olve Utne

Ein flekkjekniv er ein kort, breiblada kniv med kraftig skaft som tradisjonelt blir bruka til flekking av fisk: Ein deler fisken langsetter ryggraden og høgg så av ryggbeinet rett attom gattet så ein kan ta ut den tjukkaste delen av ryggbeinet.

Bladet kan ha rett topp slik som på bildet her, eller toppen kan vera skrådd nedover i form etter tommelen, slik at ein får halde lenger fram på flekkjekniven når ein høgg av ryggbeinet. Den sistnemnte arbeidsstillinga er mindre hardbar mot handleddet.