Folkedans

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Folkedans på Hol bygdemuseum.
Foto: Jac Brun (1959).

Folkedans er opphavleg eit fellesnamn for dansar som folk flest kunne danse, og som dei gjerne hadde lært som barn eller ved å herma etter dei andre som dansa. Ordet 'folk' kan tolkast på fleire vis. Dette var folket sine dansar, i motsetnad til dei formelle dansane som borgarskapet hadde. Det var ingen faste normer, og dermed variasjonar frå ei bygd til den neste. Kring midten av 1800-talet vart ordet 'folk' ikkje lenger berre knytt til bygdebefolkninga og dei lågare klassane, men og til nasjonen. Dermed kan òg omgrepet folkedans vere dei nasjonale dansane – nasjonaldans var ei tid eit synonym for folkedans – i motsetnad til dei felles-europeiske dansane.

Mot slutten av 1800-talet vart det mange stader oppretta foreiningar, gjerne kalla leikarringar eller folkedansgrupper. Dette heng saman med at mange hadde mista kontakta med heimbygda sine dansetradisjonar, og i ei tid der nasjonalromantikken sto høgt i kurs ville dei trekke dei fram att. Medan folkedansen opphavleg var samværsdansar, som bygdefolket dansa ved forskjellige høve, fekk dei med denne utviklinga preg av å vere oppvisningsdans. Tradisjonelt har ikkje folkedansane vore koreografert, men med leikarringane vart dei innøvd – og til ein viss grad koreografert og formalisert. Nokre av dansane har lenge hatt eit element av tevling, og dette vart viktigare på byrjinga av 1900-talet.

Norsk folkedans vert ofte inndelt i seks hovudgrupper: Bygdedans, runddans, turdans, songleik, 1900-talsdansar og songdans. Nedanfor kjem korte presentasjonar av desse.

Bygdedans

Bygdedansane har særleg lange tradisjonar attende i tid, og det var desse ein først tok til å kalla folkedans eller nasjonaldans. Dei fleste er pardansar, og dei kan ha ulike namn på ulike stader. Til dømes finn ein springar i 3/4 eller udelt takt sør og vest i Noreg, medan den liknande dansen pols, òg i 3/4 takt, finst i nord og aust. Gangar og halling er to liknande pardansar i 2/4, 6/8 eller 3/8 takt. Hallingen vert òg ofte dansa som solodans. Rull er ein av dei yngre dansane i denne gruppa, og er kjend særlig frå Voss og Hardanger.

Runddans

Runddans vert òg kalla gammaldans, sjølv om dette er nyare dansar som kom til Noreg tidleg på 1800-talet. Den gongen rekna ein dei ikkje som folkedans, men som ein del av den felles-europeiske dansetradisjonen. Truleg var vals den første runddansen som kom til Noreg, då som dans med parvis snuing i 3/4 eller 2/4 takt. Sistnemnde takt vart òg kalla mellom anna hopvals, skotsk vals og hamburgervals. Den er nær knytt til polka, som har opphav i Tsjekkia og som kom til Paris som motedans kring 1840. Det kom fleire norske variantar, som polkamasurka og reinlender. Austlandsmasurkaen vart utvikla frå polkamasurkaen.

Turdans

Turdans var på 1800-talet særleg et namn på overklassa sine formasjonsdansar, og var gjerne kontradansar. Då Klara Semb i 1902 reiste rundt til ungdomslag for å undervise i Hulda Garborg sin songdans, fann ho fleire slike dansar rundt omkring, og dei var lettare å lære bort enn bygdedansane. Ho tok dei difor inn i undervisninga som ei avveksling til songdansen, og dei vart ein del av ungdomslaga sitt felles repertoar, og kom til å bli rekna med til folkedansen.

1900-talsdans

1900-talsdans, eller moderne dans, reknast normalt ikkje med til folkedansomgrepet. Det gjeld nyare, folkelege samværsdansar som one step, tango, foxtrot, swing/rock'n roll, twist og shake. Orsaka til at dei allikevel kjem med i ei omtale av folkedans er at mange av folkedansgruppene tok dei opp i sitt repertoar etter kvart som dei byrja gå av bruk.

Songleik

Songleikane vart tidlegare ikkje rekna som dans, og var såleis mindre syndige – og meir akseptable bland dei pietistane. Nokre av dei er kjend attende til 1700-talet. Dei vart ofte sunge og dansa av voksne og barn saman, eller berre av barn som leik. Dette er framleis ein levandre tradisjon, der barn ofte kombinerar dei tradisjonelle leikane med meir moderne dansar.

Songdans

Songdansen vart skapt av Hulda Garborg i 1902, og kombinerar folkedans med folkeviser. Særleg Klara Semb var sentral i å utvikle dei vidare og i å spreie dei over heile landet. Songdansane er særleg knytt til folkedansgruppene i Noregs Ungdomslag.

Litteratur og kjelder