Friis

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Friis er namnet på fleire slektar, nokre av dei adelege. Det har også vore andre ved namn Friis, som ikkje tilhøyrer nokon av desse to slektane.

Friis' gate i Oslo er oppkalla etter filologen Jens Andreas Friis (1821–1896).

Friis etter Mads Lucassen Friis

Denne slekta førast attende til Mads Lucassen Friis (d. 1682), som var rådmann i Svendborg på Fyn. Hans sonesons soneson Niels Friis (1741–1814) brakte slekta til Noreg.

Friis frå Landvik

Denne adelsslekta går attende til futen Jacob FriisLandvik i Grimstad. I tillegg til Landvik eigde slekta også Lundegård og Hananger i Vanse. Slekta døydde ut i 1727.

Friis til Haraldskær

Denne adelsslekta er også kalla Skaktavl-Friis etter det sjakkbrettliknande mønsteret i våpenet deira. Dei er kjend på Sønderjylland sidan slutten av 1300-talet. Hovudlinja døydde ut på mannssida i 1727.

Statthaldar i Noreg Jørgen Friis (d. 1616) og lensherre Jørgen Friis (d. 1680) tilhøyrde denne slekta.

Litteratur