Fruktlageret i Leikanger
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fruktlageret i Leikanger ligg ved Hamre, like ved Leikanger kai. Leikanger er ei tradisjonsrik fruktbygd, og fruktlageret har sidan det vart bygd i 1960, vore ein viktig institusjon.
I samarbeid med Gartnerhallen, ein organisasjon skipa av norske bønder i 1930, bygde lokale fruktbønder i Leikanger fruktlager med kjølerom. Bygningen kom opp i 1960, og frå 1961 vart Gartnerhallen sin transport av frukt frå Sogn til Austlandet organisert gjennom Sogn Transportsentral. Leikanger Fruktlager har i seinare tid endra namn til Sognefrukt A/S.
Kjelder og litteratur
- Bilete frå fruklageret på Leikanger.
- Leikanger Fruktlager, NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon.
- Fruktbygda Leikanger, NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon.
Hele eller deler av Fruktlageret i Leikanger er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes. Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten. |