Funkishusa på Skjæret

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Funkishus i Skjærabakken i Ålvik.
Foto: Leif-Harald Ruud (2022).
Funkishusa på Skjæret i 1940.
Foto: Arkitektmuseets samlinger, fotograf ukjend

Funkishusa på Skjæret i tettstaden Indre Ålvik, Kvam herad i Hardanger, vart teikna av arkitekten Nicolai Beer og bygd mellom 1936 og 1940. Indre Ålvik vart ein industristad omlag 30 år tidlegare, då smelteverket Bjølvefossen AS starta opp. Kring verksemda voks det fram eit samfunn med mellom anna skule, butikkar og bustader for dei tilsette ved smelteverket.

Dei 26 funkishusa ligg på grunn som høyrde til Bjølvefossen AS, og i 1936 fekk tilsette ved verksemda høve til å feste kvar si tomt og kjøpe ein einebustad teikna av Beer. Kvart hus fekk namnet «Eigneheim» og eit nummer. I 2014 vart grunnen seld til Elkem AS, men festekontraktane held fram.

Bustadområdet er teke inn i Kvam herad si gule liste, av di det er eit sjeldant døme på funksjonalistisk arkitektur i ei vestlandsbygd. Dei fyrste arbeidarbustadene Nicolai Beer teikna for Ålvik er òg tekne inn i den gule lista, og såleis syner tettstaden godt Beer si utvikling som arkitekt.

Galleri

Kilder


Koordinater: 60.43271° N 6.44249° Ø