Fylkesveg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skilt ved fylkesveg 308, tidlegare riksveg 308, i Vestfold.
Foto: Stig Rune Pedersen (2012).

Ein fylkesveg er ein veg som eigast av ein fylkeskommune, og som vert vedlikehalden av Statens vegvesen. Fylkesvegane vert nummererte innan kvart fylke, og det er difor fleire fylkesvegar med same nummer. Ordninga med riksvegar, fylkesvegar og bygdevegar (seinare kommunale vegar) vart innført i 1931.

Per 2010 var det 27 281 km fylkevegar i landet, nær 30 % av vegnettet. I januar 2011 vart så 17 000 km riksvegar overført frå staten til fylka. Det er berre to kommunar, Oslo og Moskenes som ikkje har fylkesvegar. I Trondheim gjorde ei frå 2004 til 2007 eit forsøk med å endre fylkesvegane til kommunale vegar, men frå 2008 fekk dei igjen status som fylkesvegar.

Ein skiljer mellom primære og sekundære fylkesvegar. Dei primære er dei som var riksvegar før 1. januar 2010, og dei har samme nummer som dei hadde fram til 2009. Dei er skilta med svarte nummer på kvit bakgrunn. Dei sekundære fylkesvegane var fylkesveger før 1. januar 2010, og desse er normalt ikkje skilta med nummer. Dei sekundære vegane som hadde same nummer som ein riksveg i same fylke fekk nye nummer. Dei skifter oftast nummer ved fylkesgrensa, og i Akershus skiftar fylkesvegane nummer ved kommunegrenser. I samband med at Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag vart slegne saman i 2018 fekk fylkesvegane i Trøndelag nye nummer, og det same må skje i andre fylke som slå seg saman.

Litteratur og kjelder