Gamle Bulandet skule (Temaparken)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gamle Bulandet skule (Temaparken) i Bulandet krins ligg i Askvoll kommune.

Skulehuset

Skulen vart oppført etter krigen og stod ferdig til skuleåret 1948. Det var tredelt skule fordelt på to klasserom, med gymsal i kjellaren. Læraren budde i eit anneks i skulehuset med eigen inngang. I andre etasje var det bibliotek og eit lærarinnerom ved sidan av klasserommet.

Liv Hopland fortel: Då skulehuset vart bygd var det arbeidsmenn frå Fure og Folkestad som sette opp skulehuset. Dei åt middag med Anna Rogne (på Pynten). 1.april tenkte ho Anna at ho skulle ha det litt kjekt med karane. Ho fekk Nancy på stasjonen til å ringe ho når karane åt middag. Ho lest som ho fekk spørsmål om karane ville hjelpe til med å setje ut storfæringen til "Velom" Gjørøy. Det ville karane og heiv seg i båten og rodde opp i Gjørøyna. Der stod "Velom" og skjønte lite, heilt til han kom på at det var 1. april.

Anna bruksområde

  • Det vart arrangert juletrefestar og 17. mai feiringar i skulehuset.
  • Gymnastikksalen vart nytta til fleire kurs, snikkarkurs, vevkurs og rissekurs.
  • I dag (2018) er huset temapark der grenda viser fram gjenstandar frå livet på Bulandet. Til dømes; krigsminne, utstyr etter jordmora, handarbeidsutsyr, fiskeredskaper, osv.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Liv Hopland (født Hågøy, 1940)


Koordinater: 61.286919° N 4.623384° Ø