Gamletunet på Høgheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gamletunet på Høgheim. I eldre tid låg gardane Bøtun, Bjørnetun og Høgheim i Fresvik, Vik kommune, oppe på terrassen på Høgheim. Skau låg lengst nord på terrassekanten og litt ut frå dei andre. Så kom Bjørnetun, deretter Bøtun og lengst sør Høgheimsgardane.

Høgheimsterrassen

Truleg har tunet lege her frå den aller eldste tidi. Dette var ein lun plass med sikre vasskjelder, og ein trengde ikkje vera redd storelvi. Jordi her oppe var også betre enn i Flatbygdi der det var mykje elvegrande. Men etter kvart vart meir og meir av Flatbygdi oppdyrka, og det var praktisk å ha husa der nede. Dessutan var alle klar over at det var fare for skreder på Høgheimsterrassen.

Kor mange hus det har vore i alt, veit me ikkje. Men dersom ein reknar 8 hus på kvart bruk, så har det vore bortimot 100 hus der oppe. Dei blei sagt at i Bøtun-tuni sto husi så tett at det mest ikkje var råd å gå mellom dei.

Heilt opp til vår tid har det vorte kalla Tuftene der gamletunet låg. På begge sider av Dragaskargroi både over og under vegen låg det tett med tufter, og alle med kjellarinngangen mot vest. På den gamle tunplassen står det enno att ein kjempestor ask og ein del almar. Nokre av desse har nok vore tuntre på den gamle tunplassen.

Utflytting frå gamletunet på Høgheim

Høgheimsgardane

Alle fire bruka på Høgheim hadde husa sine i gamletunet like til skredulukka i 1847. Etter denne skreda flytte dei husa sine nordover til Holmen der husa no står. Jakob Høgheim som vart skadd i ulukka, flytte husa sine heilt ned i Flatbygdi vest for Holmen, men son hans flytte husa attende til den gamle tunplassen der husa har stått like til vår tid.

Bøtun-gardane

Bøtun, gnr 40 bnr 12 flytte husi sine ned i flatbygdi i 1846. Mons-garden flytte alt i 1828 og Sjurgarden i 1835. Lasse-garden flytte husa sine nord på Holmen før 1850, truleg før skreda kom. Hans-garden (Teigen) vart utteken til Skrivargard ca 1630, men det er uvisst kva tid husi vart flytte. Truleg var det sorenskrivar Jens Madsen som budde her rundt 1640, som bygde skrivarhusi på Storeteigen, litt sør for der husa står no.Det kom truleg ei skrede og øydelagde husi og deretter flytte dei bygningane attende til gamletunet. Seinare vart dei flytte til der husa no står, men me veit ikkje når denne flyttinga fann stad. Då den store skreda kom over Høgheim i 1847 var alle Bøtunbruka (kanskje med unntak av eitt), flytte ned i Flatbygdi.

Bjørnetun

Bjørnetun hadde to bruk og desse heldt truleg til i den nordlegaste delen av gamletunet i 1847.


Teksten om Gamletunet på Høgheim er ein del av Fresvik kulturløype - Vetlerunden i bygdi


Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Gamletunet på Høgheim er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.