Gammalnorsk sau

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Gammelnorsk sau»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bekrar (vêrar) av gammalnorsk sau i ArnvikaTustnaNordmøre.
Foto: Olve Utne (2013).

Gammalnorsk sau, òg blant anna kalla steinaldersau, norrøn sau, utegangarsau, austevollsau, ursau og villsau, er ein tradisjonell sauerase frå Norskekysten. Rasen døydde mesta ut kring 1900. Alle dei noverande gammalnorske sauene har opphav i den attverande stammen frå Austevoll i Ytre Hordaland. Rasen som vi kjenner han i dag er relativt liten og lettbeint med kort spæl og grov ull som varierer frå kvitaktig via ymse nyansar av brunt og grått til mesta svart. Den gammalnorske sauen er, som gammalnorsk spælsau, gotlandssau, soay-sau med fleire ein av dei tradisjonelle nordeuropeiske spælsaurasane (korthalesaurasane).

Rasetrekk

Lam av gammelnorsk sau.
Foto: Olve Utne (2012).

Den gammalnorske sauen er relativt liten, med snittvekt på kring 32 kg for sauer og 43 for bekrar (vêrar). Han har kort spæl (hale).

Åtferd

Bildegalleri

Lenkjer