Gildhus skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein stad i området der det no er byggefelt og leikeplass, stod skulen på Gildhus.
Foto: Pauline Eckerlein/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Gildhus skule i Vik kommune blei bygd på ein husmannsplass, der det no er byggefelt, i Gildhus.

Skulehuset

Kommunestyret gjorde vedtak i 1858 om å bygge skule, og ved hjelp av lån og pengestøtte frå Sparebanken i Vik blei skulen oppført. I 1874 blei det gjort vedtak om å bygge på skulen, og pengane blei løyvd i 1875. Det nye tilbygget stod inntil den gamle skulestova, og romma kunne nyttast som eit ved å slå opp doble dører som batt dei saman. Skulen kom truleg i bruk i 1859, og blei nytta som skule fram til 1892. I 1894 blei skulestovene flytta frå Gildhus, den austre til Lånefjorden, medan den andre enda i Valsvik.

Anna bruksområde

Den store møtesalen ein fekk med påbygginga i 1875, blei mykje nytta av andre. Der var det basarar, misjonsmøter, festar, avhaldsmøter, religiøse samlingar og songmøter for ungdommen. Då bygget blei delt opp og flytta heldt stovene fram med å vere skulehus i Lånefjorden og Valsvik.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Arne Inge Sæbø (2005). Skulesoge for Vik

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.07744° N 6.57571° Ø