Giskeætta
Hopp til navigering
Hopp til søk
Giskeætta var ei av dei norske stormannsættene i mellomalderen. Ætta kom frå øya Giske på Sunnmøre, og som stamfar reknast Torberg Arnesson Giske. Han var son av Arne Arnmodsson, som døydde i 1024 og som var frå Arnmødlingætta.
I 1265 døydde den siste agnatiske etterkomaren av Torberg Arnesson, Nikolas Petersson. Dottera Margrete Nikolasdotter vart gift inn i den yngre Bjarkøyætta, og Giskeætta sine eigedomer gjekk over til den ætta.
Mytisk opphav
Ætten har eit mytisk opphav, som er kartlagd mellom anna i samband med gransking av slekta Skaktavl, som kan stamme frå ein bror av Arne Arnmodsson Giske, Kalv Arnmodsson til Ringnes.
- Finnvid den fundne (857–881), skal ha vorte funne i eit ørnerede.
- Thorarinn Finnvidsson (881–913), frå Møre.
- Arnvid Thorarinnsson Giske (913–1000).
- Arnmod Arnvidsson Giske, 945–986), jarl.
- Arne Arnmodsson (963–1024).
- Arnmod Arnvidsson Giske, 945–986), jarl.
- Arnvid Thorarinnsson Giske (913–1000).
- Thorarinn Finnvidsson (881–913), frå Møre.
Kjende medlemmar av slekta
- Torberg Arnesson Giske. Gift med Ragnhild Erlingsdotter.
- Tora Torbergsdotter Giske, dronning. Gift med Harald Hardråde.
- Øystein Orre (d. 1066), fall i slaget ved Stamford Bridge.
- Agmund på Giske.
- Skofte Agmundsson (d. 1103), Noregs første korsfarar.
- Pål Skoftesson Giske.
- Nikolas Pålsson Kuvung (d. 1217), lendmann.
- Pål Flida.
- Peter Pålsson.
- Nikolas Petersson (d. 1265), siste mannlege ledd.
- Margrete Nikolasdotter. Gift med Bjarne Erlingsson, sjå Bjarkøyætta.
- Nikolas Petersson (d. 1265), siste mannlege ledd.
- Peter Pålsson.
- Pål Flida.
- Nikolas Pålsson Kuvung (d. 1217), lendmann.
- Tore Skoftesdotter Giske. Gift inn i Reinætta.
- Pål Skoftesson Giske.
- Skofte Agmundsson (d. 1103), Noregs første korsfarar.
Litteratur
- Giskeætten i Store norske leksikon.