Gjermundnes-slekta
Innledning
Serianna Kristine Kristiansdotter Gjermundnes – født Leikarnes og Jakob Einarson Gjermundnes er «kjernen» i vår slekt – og utgangspunktet for slektsstevnet som ble arrangert i Eidsvåg i juni 2015.
I juni 2015 var det 80 år siden familien Gjermundnes flyttet fra Nesset prestegard til Skogtun.
Til slektsstevnet var det laget ulike sammendrag av tidligere nedtegnelser, dagbøker, samt familiepresentasjoner.
Disse er tatt med i den boken som er trykket om Gjermundnesfamilien
Kven var Serianna og Jakob?
Jakob Einarson Gjermundnes var fødd 13.11.1882 – på Gjermundnes på Vikebukt, nærare bestemt på garden Einagarden som hadde fått navnet sitt av faren Einar, og som på romsdalsk blir uttalt: «Ænagar'n / Ænagara (dativ)». Einagarden blei etter utskiftinga i 1896 flytta nærare sjøen.
Jakob var son av: Einar Jakobson Gjermundnes f. Skorgen og Marianna Hansdatter f. Sætre. Faren Einar hadde fått halve heimgarden til mora, då onkelen Ole delte Kristengarden mellom han og bror sin, Kristen, av di Ole og kona Birgit Mortensdatter sjølve ikkje fekk eigne barn, og fordi Ole hadde vore Einar sin verge sidan faren Jakob døydde då Einar berre var 3 år. Serianna Kristine Kristiansdotter Leikarnes fødd 16.10.1880 – på Vikebukt på garden Madamplassen g.nr / br.nr 35/ 6. På folkemunne ofte kalla «på Plassa», sjølv om dette i tillegg inkluderer gardane frå Bårdplassen og opp til Gjermundnesskogen. Serianna var dotter av: Christian David Bendixen Leikarnes og Synnøve Erika Pedersdatter Leikarnes f. Tomren. Dei gjekk i lag på folkeskulen og seinare både på kveldskule og amtskule. Då skaut dei på blink med luftgevær både Serianna og Jakob, fortel «tante Solveig».
Dei gifta seg fyrste påskedag 19. april 1908 i Vestnes kyrkje og dei leigde ein liten motorbåt til å frakte seg over Tresfjorden, frå Vikebukt til Vestnes. Det var solskin og fint på bryllaupsdagen. Det var ikkje noko stort bryllaup, berre foreldra og søskena var bedne. Naboen, Lasse O. Legernes, var fotograf og tok bilde av dei då dei kom heim frå kyrkja.
Dei fekk 6 barn.
- Einar fødd 29.10.1908
- Kristian fødd 07.10.1909
- Magnus fødd 12.03.1912
- Sigurd fødd 17.12.1915
- Hjørdis fødd 19.11.1917
- Solveig fødd 03.05.1922
Serianna og Jakob fekk oppleva å få 20 barnebarn og høvesvis 11 og 19 oldebarn. Men fleire har kome til, slik at det no ville ha vore: 20 barnebarn, 39 oldebarn, 49 tipp-oldebarn og eitt tipp-tipp-oldebarn i slekta (pr 2017).
Dei feira jarnbryllaup i 1973 (65 år). Serianna døydde 07.03.1974 og vart gravlagd: 14.03.1974. Jakob døydde 03.08.1978 og vart gravlagd: 07.08.1978. Begge er gravlagde på kyrkjegarden i Eidsvåg.
Mer tekst kommer her......
Henvisning til kilder og andre dokumenter/bøker m.m.
- Arkivverket. Digitalarkivet. Kirkebøker: SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal. U.å. (https://media.digitalarkivet.no/view/2793/30)
- Arkivverket. Riksarkivet [Oslo]. Opplysninger om dato for innleggelse ved Rikshospitalet i 1956. [Brev datert 29.08.2016]
- Brovold, Ivar. Topografisk-historisk Beskrivelse over Vestnæs prestegjeld. Molde, Romsdals Budstikke, 1901.
- Bull, Francis. Bjørnson og Romsdalen, 1933. – s.113-124. I: Den Norske turistforening, 1933
- Driva, 26. april 1973 – «Ikkje lenge sidan vi vart gifte»
- Ellingseter, Per Bjørn. Gards- og slektshistorie for Vestnes Kommune, band 4 Skorgen. [Vestnes], Vestnes Kommune, 2010.
- Fylket, 4. juni 1977 – «95-åring løyser Molderegionens kommunikasjonsproblem»
- Gjermundnes er nemnd i: Munch, P.A. Historisk-geografisk Beskrivelse over Kongeriget Norge (Noregsveldi) middelalderen, Christiania, 1849, s. 90.
- Gjermundnesboka. Bjørn Austigard, Harald Grytten og Anne Merete Knudsen (red.). [Vikebukt], Landbruksmuseet på Gjermundnes, 1989.
- Hoel, Marit Rekdal. Upublisert manus for gardane Gjermundnes og Vike, 2004
- Kristiansen, Eivind H. Ishavsfart : fra Gratangen og gamle Ibestad. Alta, [E.H. Kristiansen], 1989.
- Leikarnæs, Kristian David og Peder Leikarnæs. Beskrivelse av gaarden Leikarnes m.m. [Vikebukt], upublisert, 1929 (?)
- Lorentz, G., John Arne Bugge og Ola Grønfæt. Synsforretning Nesset prestegard 1922. [Oslo], Kirke- og undervisningsdepartementet, 1922
- Nesset. Årbok 2001 [for] Romsdalsmuseet. Jarle Sanden (red.). [Molde], Romsdalsmuseet, 2001
- Nesset prestegard : prestegarden gjennom 200 år. Terje Skaug, Sigrunn Berdal, Signy Haraldsen, Mads Langnes og Torunn Reinsnos. Utg.: Opplysningsvesenets fond. [Førde], Selja forlag, 2013.
- Rekdal, Olav. Gards- og slektshistorie for Vestnes -Tresfjord, Tresfjord 1. [Vestnes], Vestnes Kommune, 1979.
- Rekdal, Olav. Gards- og slektshistorie for Vestnes -Tresfjord, Fiksdal sokn. [Vestnes], Vestnes Kommune,1977.
- Roaldset, Ottar. Gards- og ættesoge for Nesset. [Eidsvåg], Nesset bygdeboknemnd, 1977.
- Romsdal Sogelag Årskrift 2006, Redaktørar: Bjørn Ausitard, Dag Skarstein og Rolf Strand, [Molde] Trykk: ekh.no, Molde, 2006
- Vike, Henry. Båt- og skipsbygging i Vestnes. [Vestnes], Vestnes kommune, 1994.
- Ås, Erik. Eit tidsbilde frå Vestnes : dei første krigsåra 1940-1942 / Erik Ås jr., 1993. – s. 73-95. I: Romsdal Sogelag Årsskrift, 1993.
Lyd, musikk og video
Hør Serianna spiller Kongesangen på munnspill.