Gol
(Omdirigert fra «Gol (tettstad)»)
Gol er administrasjonssenter og einaste tettstad (pr. 2013) i Gol kommune i Buskerud. Staden har kring 2850 innbyggjarar (2012), noko som er meir enn helfta av kommunen sitt folketal.
Gol bygdemuseum ligg i utkanten av tettstaden. Nord for museet finn ein Gol kyrkje, og i nærleiken av den stod Gol stavkyrkje fram til ho vart flytta til Norsk Folkemuseum. Ein kopi av stavkyrkja er reist i Gol sentrum.
Gol stasjon på Bergensbanen vart opna i 1907.
Kjelder
- Gol i Store norske leksikon
- Gol på Wikipedia på bokmål og riksmål
- Statistisk sentralbyrå: Tabell 1. Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 1. januar 2012
Koordinater: 60.7014149° N 8.9455477° Ø