Grønlid skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grønlid skule i Gulen kommune
Foto: Foto: Andre Aalborg, Wikimedia Commons

Grønlid skule (også kalla Rutledal skule) i Rutledal krins i Gulen kommune i Sogn og Fjordane, vart bygd i 1931 og fungerte som skule fram til 1973. Elevane vart få overført til Eivindvik skule og skulehuset vart grendahus.

Skulehuset

Grønlid skule vart bygd på austsida av Kvernhushaugen på Rutle, i lik avstand frå grendene i Rutledal, på Rutle og Rutletangane og i Brosvik. Skulehuset var både skule og bustad for lærar, med eitt klasserom, kjøkken og stove i første etasje, to soverom og stort loft i andre etasje og full kjellar under heile huset. Bygningen er oppført i maskinlafta tømmer med liggande bordkledning og taktekke i skiferstein, på ein grunnmur støypt i betong. Eigedomen har gardsnummer 7 og bruksnummer 5.

Etter råd frå skulestyret i Gulen, vedtok kommunestyret 4. mars 1929 å bygge skule i Rutledal krins, og det vart sett ned ei byggenemnd. Skulestyret handsama saka 29. desember 1929. Det vart lagt fram fleire teikningar og det vart vedteke å råde kommunestyret om å bygge «(..) nokolunde etter teikning 1. (...)ei skulestove med 1 rom og kjøken for læraren og kjeldar under heile huset.» I møtet vart det også sett ned ei nemnd for å velje tomt og fastsette plassering for skulehuset: «Grunnen til at spursmålet um byggjestad vart teke uppatt er usemje innan krinsen.» Kommunestyret handsama saka igjen 7. februar 1930 og godkjende planen for skulehuset i Rutledal krins med teikningar og tomteplassering i tråd med vedtak i skulestyret. Teikningane vart sendt til fylkesskulekontoret i Sogn og Fjordane 11. februar 1930 for godkjenning, men Skuledirektøren returnerte dei på grunn av sakshandsamingsfeil, og i brev datert 6. mars 1930 ba han om at saka måtte takast opp på nytt.

Skulestyret i Gulen heldt nytt møte 15. mars 1930, og av protokollen kjem det fram det at saka er oppe for 3. gang grunna klage. Skulestyret held fast på tomta som nemnda hadde peikt ut. Eigedomen vart skild ut 18. mars 1930.

13. juli 1930 hadde kommunestyret møte med bygging av skule i Rutledal som første sak. Byggmester Nils H. Austbø hadde det det lavaste tilbodet, på kr 8.650, og fekk oppdraget. Av protokollen kjem det fram at grunnmur allereie er støypt, men ikkje av kven, kvifor eller når.

Bygningen i Rutledal sto ferdig i 1931 og Grønlid skule opna.

Grønlid skule vart lagt ned i 1973 og elevene overført til Eivindvik skule. På dette tidspunktet var det mange fleire vegar i kommunen, og det var enklare å sentralisere skulen.

Andre bruksområde

Krigsåra

I krigsåra 1940-1945 var det stasjonert militært personell frå okkupasjonsmakta i Rutledal i samband med omfattande militære anlegg, som torpedobatteri, kystfort og infanteristøttepunkt. Okkupasjonsmakta innkvarterte personell både i eigne brakkar men også i eksisterande bygningar. Dei rekvirerte rom i både private og offentlege bygg, og det budde tyske soldater på Grønlid skule samtidig som det var undervisning og læreren budde i bygget.

Grendahus

Frå 1973 vart skulehuset i Rutledal brukt som grendehus og også som innkvartering mellom anna for bygningsarbeidarar i samband med bygging av ny ferjekai i Rutledal. Etter fleire år uten tilstrekkeleg vedlikehald, vart eigedomen lagt ut for sal. 15. mars 1996 vart den seld som fritidsbolig til ein privatperson, og skulehuset har vorte restaurert.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga. Bind 1 Kleiva, Ivar (1973)
  • Protokollar frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Digitale kjelder

Koordinater: 61.07285° N 5.16025° Ø