Gravrøys med bauta (Tustna)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gravrøysa med bauta på grensa mellom bnr. 1 og bnr. 240 (utskilt i seinare tid frå bnr. 4) av Leira i Aure kommune på Nordmøre ligg på eit høgdedrag rett innom Leirsundet. Røysa, som trulig ligg rett på berget, er ei ovalrøys på kring 10×5 meter med høgd på kring 0,4–0,5 m. Bautaen, som står i midtpartiet, er av lys stein og er kring 1,7 m høg. Gravrøysa har vore overgrodd av tre i fleire tiår.
Kjelder
- S. 77 i Tustna kommune : topografisk-arkeologisk registrering 1985. (Funn og fornminner i Møre og Romsdal; 6.) Trondheim : Universitetet i Trondheim, Vitenskapsmuseet, 1991.