Grinde ferjekai

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Grinde ferjekai ligg aust for Grindsevli i Leikanger kommune. Grinde var ein viktig ferjestopp i Midtre Sogn frå slutten av 30-talet.

Historie

Då Gaularfjellsvegen vart opna i 1938, vart det starta ferjerute mellom Ulvestad i Vetlefjorden og til Grinde vest for Leikanger. Ferjerute gjekk på strekninga Grinde-Vetlefjorden-Vangsnes-Noreide. Kring 1950 gjekk Fylkesbaatane sin "Fjalir" i bilferjeruta Vetlefjorden-Grinde-Balestrand. I 1956 vart den nye kaien på Hella teken i bruk, og etter dette gjekk ferja frå Grinde til Balestrand.

Grinde kai var ei tid i privat eige av Hans Holum. Olav H. Holum var dampskipsekspeditør på kaien.

Jordbruksprodukt som frukt, poteter og slakt vart frakta med båt frå kaien på Grinde. Kaien på Grinde hadde òg ein butikk.

Kjelder


Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Grinde ferjekai er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.