Henrik Lund (1883–1960)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Gullsmed Henrik Lund)
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Lund sine arbeid i sølvfiligran
Foto: Ukjend / "Norske næringsliv", utgitt av Det norske næringslivs forl. Bergen : Det norske næringslivs forl., 1942-1956 (Bergen, 1949)

Henrik Lund (født 1883, død 1960) slo seg ned som sølvsmed på Notodden i 1911. Verkstaden med den tilhøyrande detaljforretninga låg i Storgata 58.

Henrik Lund spesialiserte seg på bunadsylv, men han laga også ei lang rekke andre smykke og gjenstander. I 1949 hadde Lund seks mann tilsett på verkstaden, og det vart mellom anna produsert smykker, brosjer, kors, armband, ringar og bunadssølv etc. i sølvfiligran. Forretninga hadde kundar langt utanfor Notodden.

Henrik Lund fekk gullmedalje for eigne arbeid i gull- og sølvfiligram ved Telemark Fylkesutstilling i 1923. I 1950 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for sitt arbeid.

I 1939 overdro han ei detaljforretninga i Storgata 51 til sønnen, Kristian Fredrik Lund. Forutan å drive forretning, dreiv sønnen verkstad der 3-4 mann var i arbeid med reparasjonar og produksjon av sølvfiligran. I 1958 vart også den andre delen av forretninga overdratt til dottera Gerd og svigersønnen Kåre Brattekås.

Henrik Lund døydde i 1960. Firmaet heldt på fram til 1980.

Arkiv

Arkivet etter Gullsmed Henrik Lund er ordna ved Norsk Industriarbeidermuseum. Oversikta over arkivet ligg på arkivportalen.

Kjelder