Gullstein kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Gullstein kirke»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gullstein kyrkje
0466 Gullstein krk inne front.jpg
Gullstein kyrkje.
Foto: Olve Utne (2007).
Sted: GullsteinTustna
Byggeår: 1869
Endringer: Lagt inn elektrisk varme i 1960.
Isolert tak og oppussa sist i 1960-åra
Kirkegård: Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Materiale: tre
Alter: altertavle av Nils Nergård, 1939; motiv: Jesu kamp i Getsemane.
Gullstein kyrkje i mai 2007.
Foto: Olve Utne

Gullstein kyrkje ligg på Tustna i Aure kommune. Det er ei trekyrkje med langplan, bygd i 1869. Før den tid sokna tustningane til Edøykyrkja på yttersida av Trondheimsleia. Fram til 1874 låg kyrkja til Edøy prestegjeld, men da Tusteren Herred vart skilt ut frå Edø Herred i 1874, vart kyrkja lagt inn under Halsa prestegjeld.

I 1960 fekk kyrkja elektrisk oppvarming. Ho vart oppussa både innvendig og utvendig på slutten av 1960-åra.

Interiør

Orgelet er frå 1972. Altertavla vart laga av Nils Nergård i 1939, motivet er Jesu kamp i Getsemane.

I taket i kyrkja finn vi eit såkalla kyrkjeskip eller votivskip. Dette vart gjeve i gåve frå Johannes Berget i 1969.

Bildegalleri

Ute

Inne

Kjelder

Lenkjer


Koordinater: 63.2055931° N 8.1524517° Ø