Gunsteinsli (Kvinesdal gnr. 187)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunsteinsli
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 187
Ant. bruksnr.: 8 (2018)
Type: Matrikkelgard

Gunsteinsli er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 187. Han hadde tidlegare gnr. 18 i Fjotland kommune, i 1838 matrikk.

Geografi

Gunsteinsli består eigentleg av to gardar; Gunsteinsli og Limoen, men dei deler matrikkelnummer i matrikkelen. Gardsvaldet strekker seg langs med vestsida av Kvina og opp på heia til Lindefjelds Hisvatn. I nord grensar garden mot Netlandsnes, i sør mot Lindefjeld.

Innmarka på både Gunsteinsli og Limonen omkransar Litjødna, som har tilsig frå heia ovanfor. Litjødna renn igjen ut i Kvina.

Gardsnamnet

I 1723 blei namnet skrive «Gundsteinlie med Moen» i den offisielle matrikkelen. I kjeldene møter ein gardane både saman og kvar for seg til ulike tider og i ulike kjelder. Det vekslar mellom å vera oppsitjarar på begge gardane, og at gardane er slått saman.  I skattesamanheng har dei vore ei eining sidan 1600-talet. Namna har nok i utgangspunktet vore Li og Moen. Den siste blir alltid omtala i bestemt form, noko som talar for ei nyare datering.

Namnets hovudledd kjem frå Gunnstein, som var eit vanleg mannsnamn i mellomalderen, og også seinare på Vestlandet og på Agder. Namn med «stein» har norrønt opphav og gardsnamnet kan altså ha kome til i norrøn tid (800-1030 evt.). Johan Jerstad på si side foreslår at opphavsmannen kan ha vore Gunnsten Pålson Verdal som er nemnd frå midten av 1660-talet, og det er nok ei rimeleg tolking. Gunsteinsli og Moen blei skilde ut frå Lindefjell omkring denne tida. Gunnsten Pålson var gift med ei frå Lindefjell, og dei kan ha vore blant dei første i «Liæ».

Det var fleire «Li»-gardar i Fjotland, og tilnamnet har kanskje kome til for å skilja Gunsteinsli frå til dømes Bergesli og Bruli.

Det er også fleire «Limonen» i soknet, men då ingen av dei er skilde ut med eigne matrikkelnummer, har det ikkje vore behov for å skilja dei ytterlegare i offentleg samanheng.

Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag

I den offisielle matrikkelen av 1723 blir garden beskriven som «Landgård i solli, tungvunnen» og at her var skog nok til brennefang og husbehov, men ikkje så mykje meir. I 1668 blei det rapportert om det same.

I 1803 hadde dei akkurat kome i gang med jordeple, dei sette «¼ tønne potetes». I 1865 sette dei 8 tønner.

Jordbruk og husdyrhald

1668 1723 1865 1939
Korn 1 t 3 t 4 t
Jordeple 8 t
Hestar 1
Storfe 3 5 13
Småfe 6 10 41

Kulturminne

I Riksantikvarens kulturminnebase er det registrert tre kulturminne på Gunsteinsli. To av dei er knytte til gardsdrifta og er del av eit felles system, medan det siste er av meir rituell karakter. Kulturminna nærast garden er tufter etter kvern og kvernhus i Kvednebekken, rett vest for Litjødna. Her har det sannsynlegvis også vore ei sag. I andre enden av Kvednebekken, ved Stemtjødna, er det ein stem.

Litt lengre opp på heia, mellom Stemtjødn og Lindefjedds hisvatn, finst det tredje kulturminnet; to brudled. Eit brudled er ei steinrekke lagt ned på flatt berg. Brudledet blei lagt ned av eit reisefølgje på veg til bryllaup. Kvar stein skulle representera ein person i følgjetelnummer 188 og gamalt matrikkelnummer 406.

Brudleda det her er tale om består av tretten og femten steinar på rekke. Desse brudleda skal, ifølgje tradisjonen, vera lagde ned av eit brudefølgje frå Guddal i Sirdal.

Det har og vore skule på Gunsteinsli.

Matriklar og folketal

1639 1661 1723 1803 1838 1886 1950 2020
Nr - - 162 406 189 18 18 187
skyld 1/4 h 3 eng 3 eng -
Tal på bruk 1 1 1 1 4

*tal på oppsitjarar

Folketal

Ifølgje denne tabellen har folketalet vore lavt på Gunsteinsli, men det er heller ein refleksjon av at det til tider berre har vore eit bruk, og at teljingane ikkje blei gjorde på ei tid det var born i huset. I 1801 var det fire personar registrerte her, men dei påfølgande åra blei det fødd sju born. Likeeins ser også folketeljinga av 1865 ut til å ha hamna «mellom generasjonar».

Kor mange bebuarar

1665 1765* 1801 1865 1900 1920
- 4 7 6 12

*personar over 15 år

Eigedomsforhold

Gunsteinsli og Limoen blei skilde ut frå Lindefjell på midten av 1600-talet, og har vore bondegods sidan.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950 Notat
1 Gunstensli Gardseigedom 685 0 mark 90 øre Ommund Ommundsen Thor Hunsbedt
2 Nyvold Gardseigedom bruk 1 1921 0 mark 20 øre Thor Hunsbedt slått saman med bruk 1 i 1992
3 Limo Gardseigedom bruk 2 1932 0 mark 90 øre Olav Hunsbedt
4 Fredli Fritid bruk 1 1949 0 mark 20 øre Arvid E. Hunsbedt
8 Bustadtomt bruk 3 2004


1037 Kvinesdal komm.png Gunsteinsli (Kvinesdal gnr. 187) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.