Hørte landhandel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hørte Landhandel.
Foto: Ukjendt / Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1984.

Hørte landhandel blei bygd av Anton Hørte[1] og seinare overtatt av Olav Kaasa. Landhandelen låg i Hørte i Sauherad kommune.

Historikk

Olav Kaasa (f. 8. august 1883) tok over Hørte Landhandel i 1912. Forretninga låg på andre sida av vegen for der bygningen ligg i dag. Bygningen var svært umoderne, og under leiing av Kaasa vart det utført moderniseringar og utvidingar fleire gonger. I 1939 sette han opp ein ny bygning attmed den gamle, og flytta heile forretninga med lager inn dit.

Forretninga omsette alt i kolonial, manufaktur, isenkram, kortevarer, skotøy, landbruksvarer etc. Kundekrinsen kom ifrå og Nes.

Kaasa dreiv kvegoppdrett og gardsbruket Kise på Nes ved sidan av forretninga.

Olav Kaasa med kona.
Foto: Ukjendt / Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1984.

Kjelder

  • Hvitsand, Jon, Soga om Hørteverket, Skien, 1984. Digital utgåve på bokhylla.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1984. Digital utgåve på bokhylla.

Referansar

  1. Hvitsand, 1984, s. 680.