Høydal krins (Hyllestad)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Høydal krins 1884-1901
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Høydal krins i Hyllestad kommune vart eigen skulekrins kring 1884. Då vart Høydalen skild ut frå Horne krins. I 1901 vart Høydal og Sundbotn krinsar slegne saman til ein krins.

Høydal krins hadde aldri all skuletida si åleine, men hadde 3-6 veker saman med Horne krins eller Sundbotn krins. 1890 gjekk borna frå Høydal krins, Horne krins og Sundbotn krins på skule saman på Vassenden seks veker i tillegg til seks veker skule i eigen krins. Desse tre vart slått saman til Vassenden krins i 1911.

I 1959 vart Vassenden ein del av Øen krins med skulehus på Øen.

Skulehus

Vassenden skule

  • Byggeår: 1910
  • Fungerte som skule: 1910-1959
  • Anna bruksområde: Fritidsbustad, i privat eige.

Skuledagen

Skulevegen

Torleif Hauken frå Høydal starta på skulen i 1954. Han gjekk på Vassenden i fem år før skulen vart lagt ned og han måtte gå på skule på Øen. Torleif sin skuleveg var 2,7 km kvar veg, frå den innarste garden i Høydalen. Han gjekk vegen åleine kvar dag frå han starta på skulen, og var lenge sikker på at han aldri kom til å gå den vegen igjen frivillig. «Eg har gått fleire turar no berre på moro,» seier Torleif og ler. Ei gamal trebru utan rekkverk kryssa elva rett før han kom fram til Vassenden. «Når det var mykje vind fekk eg beskjed om å vere forsiktig over brua. Eg måtte av og til vente med å krysse elva til dei verste vindkasta ga seg.»

Det var mykje å sjå etter vegane, og det hendte at han ikkje kom heim før langt ut på ettermiddagane. «Då fekk eg skjenn», seier Torleif. Det gjekk litt raskare etter at han fekk sykkel, og på vinteren gjekk han av og til på ski. Det siste året på Vassenden hadde også nabojenta starta på skulen, og dei to borna frå Høydalen gjekk saman, men på høveleg avstand. Dei andre elevane kom gåande frå Sundbotten, Vassenden, Ramsgrø, Horne og Liane.

Då skulen på Vassenden vart lagt ned og elevane starta på Øen skule, vart alle borna i kretsen henta med drosje.

Lærarar

Torleif Hauken frå Høydal starta på skulen i 1954 og hugsar godt lærarane, sjølv om det var ein ny lærar kvart år. Han hugsar Audun Glamnes, Magne Hatlem, Signy Sørebø, Maren Indrebø Hovland og Arvid Skogly. Arvid var sonen til læraren ved Øen skule og var berre 17 år då han starta som lærar ved Vassende skule. Før han fylte 18 år og kunne køyre bil, sykla han kvar dag frå skulehuset på Øen der han budde med foreldra sine. Det var om lag 4 km kvar veg.

Etternamn Fornamn Føydd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Informant: Torleif Hauken
  • Informant: Magnar Fleten

Koordinater: 61.249856° N 5.263132° Ø