Handarband

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Handarband er den gamle nemninga på den seremonien som vart gjennomført ved stadfesting av ei bindande avtale, t.d. festarmål mellom familiane til to som skulle gifte seg. Ei avtale om giftarmål vart slutta med at dei to unge gav kvarandre eit handtrykk, foreldra la hendene sine over deira og til slutt la to eller fleire vitne hendene sine på der igjen.

Litteratur

  • Telste, Kari 2003: Familien som kjenslefellesskap. I Sølvi Sogner (red.): I gode og vonde dagar. Familieliv i Noreg frå reformasjonen til vår tid, s. 142 med kjeldetilvisingar.