Hanne Kolstø
Hanne Kolstø (fødd 1981) er ein artist og låtskrivar frå Sykkylven. Ho starta songkarriera si tidleg og var heilt frå tiårsalderen med på Ungdommens kulturmønstring i heimkommunen. Ho har bachelor i rytmisk musikk frå Universitetet i Agder frå 2009.
Som artist og låtskrivar har Hanne Kolstø vore svært produktiv og allsidig. På eitt tidspunkt tidleg i karrieren var ho på same tid engasjert i fire bandprosjekt, med blant andre det episke, nittitalsflørtande Love:Fi og det mystiske triphop-ensemblet Thelma & Clyde.
Hennar første solo-plate, Riot-Break, kom ut i september 2011, og ho fekk gode kritikkar frå heile spekteret av norske musikkanmeldarar. Plata blei lansert i Tyskland og USA i april 2012. Om Hanne Kolstø heitte det i ein presse-omtale: "Live fascinerer hun med sin skjødesløse omgang med loop-station, og lar store, komplekse lydbilder tegne seg framfor øynene på et stadig større, dedikert publikum. I glemte spilledåser og kasserte synthesizere finner Hanne Kolstø frem bortgjemte melodier og skaper vakre, svevende poplåter som fester seg i øret."
Hanne Kolstø har vore ein aktiv konsertartist. Mellom anna har ho hatt fleire skulekonsertar for den kulturelle skulesekken. Som soloartist har ho reist åleine på turné i Europa, hatt fleire turnéar i Tyskland, i tillegg til konsertar i Stockholm, Gøteborg, København og New York. Ho har også delteke på bransjearrangementa PopKomm (Tyskland), SXSW (USA) og By:Larm (Norge).
Hausten 2012 kom ho ut med si andre plate, FlashBack. Sleppefesten var på Blå i Oslo. I åra etter kom platene på rekke og rad: Stilness and Panic i 2013, Forever MayBe i 2014, While We Still Have Light i 2015 og Live At Tøyenkirkern in 2016. I den siste plata var det berre henne og ein pianist. Kolstø opplevde at ho kom nærare tekstane sine i dette prosjektet: "Man står der helt alene, og oppdager hvor mye en stemme bærer og og hvor mye tekstene betyr."
For Kolstø vart dette del av ein prosess som førte henne fann fram til sitt opphavelege språklege uttrykk, det norske og det nynorske. I plata Fest blikket er alle tekstane på heimemålet. I eit avisintervju i 2016 gav ho uttrykk for at å synge på norsk kjem meir frå hjartet. "Eg vil ikkje pakke musikken inn i eit språk som ikkje tilhøyrer meg." For denne plata fekk ho Dialektprisen til Sykkylven Mållag. Prisen vart delt under ein konsert i heimbygda, på Vaarvon i Straumgjerde, i oktober 2017. På konserten kunne ho fortelje at ho kjem ut med nytt album i februar 2018, også det med berre nynorske tekstar.
Kjelde:
- Møt artisten Hanne Kolstø. Artikkel i Sykkylvsbladet 14.9.2012.
- Sunnmørsposten 21.11.2016.