Haualand (Sandnes gnr. 106/1)
Haualand (Sandnes gnr. 106/1) er ein gard i Riska bydel i Sandnes. Bruksnr.1, seinare bruksnr.7. Løpenr.80
| Haualand | |
|---|---|
| Sted: | Haualand |
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 106 |
| Bnr: | 1 |
| Type: | gardsbruk |
| Adresse: | Jødestadveien 32 (Sandnes) |
| Postnummer: | 4311 |
Adresse: Jødestadveien 32, 4311 Hommersåk
Brukarar
30. Erik Persen,
f. 1804, d. 1867. Son til Per Belestsen Haualand (nr 20). Etter at faren var død, overtok Erik som eigar av denne parten av garden. Det var mostera, som var enkja då, som brukte garden ved dei tider. Men i 1832 tok Erik sjølv over som gardbrukar, og han hadde gardsbruket sitt til 1867. Rett etter døydde han.
G.m. 1) 1833 Ane Hansdtr., f. 1813, d. 1833, dotter til Hans Johannesen Haualand (nr 28),
2) 1835 Anna Serina Henriksdtr., f. 1813, d.1865, dotter til Henrik Jensen Haualand (nr 21).
Ho og Erik var syskenbarn.
Barn,
i andre ekteskap:
- Anna, f. 1836
- Per, f. 1838, d. 1862
- Inger Helena, f. 1840
- Henrik, f. 1843, overtok garden (nr 31)
- Erik, f. 1846, d. 1865
- Daniel, f. 1849
- Sivert Andreas, f. 1852
- Dorte Serina, f. 1855.
31. Henrik Eriksen,
f. 1843. Son til Erik Persen Haualand (nr 30). Han overtok gardsbruket etter faren i 1867, men selde det igjen allerede 1871. Sidan hadde han gard i Sanddal, Madla (sjå Madla g.o.æ. s 84).
G.m. 1871 Ane Bergitta Rasmusdtr., f. 1844, dotter til Rasmus Ingemundsen Hogstad i Sola (sjå Sola g.o.æ. s 157). Dei hadde fleire barn, men det høyrer til Madla-historia.
s. 309
32. Tollef Olsen,
f. 1840, d. 1908. Son til Ola Tollefsen, husmann på Sørheiå under Lye prestegard i Time (sjå Time g.o.æ. s 161, nr 46). Tollef overtok dette gardsbruket då Henrik reiste ut til Madla i 1871 og han hadde garden til bortimot århundreskiftet. Han eigde og eit gardsbruk på Bjelland nokre år (1887-96), sidan kjøpte han gard på Tronshodl i Høyland.
G.m. 1873 Helena Andersdtr., f. 1845, dotter til Anders Torsen Hetland (Hetland-69).
Barn:
- Ole, f. 1874, han og broren Andreas overtok garden (nr 33)
- Hanna, f. 1876, ho var lenge i Amerika, ikkje gift
- Andreas, f. 1878, hadde garden i lag med Ole (nr 34)
- Tønnes, f. 1881, d. 1884
- Tønnes, f. 1885, d. 1909
- Martin, f. 1888, overtok det gardsbruket faren hadde kjøpt på Tronshodl, men selde det og kjøpte seg gard på Åse i Høyland i staden. Han eigde Heiane, ein part av farsgarden her på Haualand, etter broren Andreas. G.m. 1915 Olava Birkeland.
33. Ole T. Haualand,
f. 1874, d. 1923. Son til Tollef Olsen Haualand (nr 32). Han og broren Andreas tok over farsgarden på Haualand ein gong før århundreskiftet. Ole selde sin del ca 1907/08 til Andreas. I lag med Ola Persen Haugstad kjøpte Ole eit gardsbruk på Hommarsåk. Dei to starta og med mølle i Hestånå (Folk i bygda-88). Ikkje gift.
34. Andreas Haualand,
f. 1878. Son til Tollef Olsen Haualand (nr 32). Andreas hadde fyrst dette gardsbruket saman med den eldre broren Ole, men frå ca 1907/08 hadde Andreas det åleine. I 1916 selde Andreas det meste av garden, men haldt igjen ein del nede i Heiane. Seinare hadde Andreas gard på Stangaland i Høyland. Der bygde han hus som han selde, og han selde også tomter. Han blei også eigar av fleire hus og stykke rundt omkring, også på Sandnes hadde han hus. Ikkje gift.
35. Ola O. Hogstad,
f. 1885, d. 1972. Son til Ola Olsen Søra Hogstad (Hogstad- 104). Han hadde fyrst farsgarden på Søra Hogstad, men selde der ca 1916 (Hogstad- 150). Så kjøpte han dette gardsbruket på Haualand i 1916 og hadde det til 1940. Etterpå budde han til leige på Haualand (Folk i bygda-527), til slutt på Frøyland (Folk i bygda- 459).
G.m. Olina Frøyland, f. 1885, d. 1931, dotter til Ingebret Persen Frøyland (Frøyland- 112). Dei hadde ikkje barn.
36. Jakob Dalane,
f. 1902, d. 1980. Son til Jakob Hallvardsen Dalane, bonde på Dalane, eit bruk på Aust Sedberg i Årdal (sjå Årdal g.o.æ. s 230, nr 26). Jakob hadde gard på Sømme i Sola, men tyskarane tok garden i 1940 då dei skulle utvida flyplassen. Så kjøpte Jakob gard her på Haualand i 1940.
G.m. 1927 Ingrid Ur, f. 1906, dotter til Ola Johannesen Ur, lærar og gardbrukar på Fremre Sedberg i Årdal, lensmann (sjå Årdal g.o.æ. s 203-204).
Barn:
- Kjellaug, f. 1928, g.m. Torger Motland, bonde på Hogstad (Hogstad-153)
- Ola, f. 1930, tømmermann, bur på Haualand (Folk i bygda-529), tok over garden etter faren, g.m. Janny Brimsø
- Ingfrid, f. 1932, g.m. Jens Motland, vegingeniør, bur på Vaulen (han var frå Hogstad, sml Hogstad- 1 5 l.h)
- Johanna, f. 1934, g.m. Rasmus Ingland, rådmann, bur i nærheten av Ålesund
- Astrid, f. 1936. g.m. Kjell Danielsen, finmekaniker på Jonas Øglænd sin sykkelfabrikk