Haugen Landhandel
Haugen Landhandel blei starta av Olav T. Haugen i 1883. Landhandelen låg i Hjartdal i Telemark.
Historikk
Olav T. Haugen starta landhandelen i 1883. Verksemda starta i den gamle stova på Haugen (Hjartdal gnr. 24/10)[1], men blei seinare flytt til eigen bygning. Olav dreiv forretninga fram til 1916 då den blei lagt ned. Drifta blei tatt opp igjen av sonen, Olav O. Haugen i november 1924. Han dreiv forretningen fram til han døydde i 1939. Olav J. Nordbø var nevøen til Olav O. Haugen, og overtok forretninga kring 1940.[2] Han dreiv denne vidare som vanleg landhandel i mange år.
Landhandelen var bygd i tømmer og reisverk kring 1913 og stod heilt framme i vegen omtrent der Nordbø Pensjonat ligg i dag. Attmed landhandelen var det pakkbu og kontor. Ei tid var det også bensinpumpe her. I 1964/65 blei nytt forretningslokale oppført. Denne blei seinare utvida av sonen, Jørgen Nordbø, i 1980.[3]
Haugen Landhandel vart nedlagt ei gong på 1980-talet.
Kjelder
- Karlsrud, Gjertrud Kleveland, Hjartdalsoga : gard og ætt. B. 3 A : Hjartdal : Nordbygda, Sauland, 2000. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
- Sætherskar, Johs. (red), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgave på bokhylla.no