Henjaelvi
Henjaelvi er ei elv i Leikanger kommune som startar ved Nyastølen og renn gjennom Henjadalen. Ved Flya buktar Henjaelvi seg roleg på slettene, før ho går over i nokre småfossar ned mot det rolege partiet Flotande. Der kjem Skulaonao inn frå vest før elva stuper ned Rukandefossen.
I 1934 vart det bygd kraftverk som nytta fallet mellom Henjafossen og Melåsbui. Dette var i drift til 1985. Nedom kraftstasjonen er det nokre høge fossefall, før elvi flatar endeleg ut ved Lakshøl i Riverdalen. Henjaelvi er lakseførande opp til Lakshøl. Medelvassføringi i Henjaelvi er mælt til 3700 l/s ved utløpet på Hermansverk. Henjaelvi renn ut i Sognefjorden på Hermansverk, mellom Fylkesmannsgarden på Nybø og Nokkaneset.
Det har vore industriverksemd ved Henjaelva sidan slutten av 1800-talet. Ei av dei mest kjende verksemdene var Sygna Ullvarefabrikk A/L som vart skipa i 1913. Sygna Ullvarefabrikk produserte i hovudsak ullgarn, ullteppe og andre ullvarer. Dessutan leverte fabrikken ulike tøysortar, dress-stoff, kjole- og kåpestoff. Råstoffet var frå først av shoddy (dvs. ullfiller som vart rivne opp til spinnemateriale) og råull levert frå bøndene i bygdene omkring.
Kjelder
- Sygna Ullvarefabrikk av Snorre D. Øverbø (2003), Kulturhistorisk Leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
- Systrond Wiki, Henjadalen
- Lakshøl Sølvgrube av Hermund Kleppa (2005), Kulturhistorisk Leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
- Vasshjul ved Leikanger barneskule av Jon Henjum (2008), GeoAtlas.
Artikkelen om Henjaelvi er ein del av kulturminneløypa Kulturminne langs Sognefjorden
![]() |
Hele eller deler av Henjaelvi er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes. Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten. |