Hessgjerdet (Stranda gnr. 16)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Hessegjerde (Stranda gnr. 16)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hessgjerdet
Hessegjerde2003.png
Hessgjerdet med Korsen sett mot nord og fotografert frå Veten
Alt. namn: Hessegjerde
Stad: Bygda_(Stranda)
Sokn: Stranda
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Stranda
Gnr.: 16
Postnummer: 6200

Hessgjerdet er namnet på matrikkelgard nr. 16 i Stranda kommune. Garden ligg på vestsida av Storfjorden i grenda Bygda på eub fkate jrubg 139 m.o.h. Nabogardane er Vike og Uksvik i Stranda. Prøvematrikkelen 1714 har registrert normalsånad som 4 tønner havre og 2 tønner bygg. Normalhausten er 15 tønner havre og 5 tønner bygg. Garden kan fø 15 naut og ein hest. Tienden er oppgjeven til 1 1/2 tønne havre, 1/2 tønne bygg og 16 merk ost.[1]

Eigarar

I følgje den såkalla Sunnmørsættleggen var Arnljot Gaddabein på nabogarden Uksvika eigar av Hessgjerdet i første del av 1000-talet.[2] I 1661 var Lagmannen i Bergen eigar av garden og jordleiga (landskylda) var 2 vog fisk.[3] I matrikkelen i 1724 var garden eigd av brukaren sjølv.[4]

Bruk

Garden har eit hovudbruk. Småbruket Korsen blei frådelt i 1906. I kort tid midt på 1800-talet var eit jordstykke kalla Leitet lagt ut til bygselplass til Karl Knutsson Hessegjerde (f. 1809), ein yngre son av brukaren på hovudbruket. [5]

Utmarksressursar

Garden hadde naustrett ved Storfjorden, og etter segna var Hessgjerdnaustet det einaste som stod att på heile Stranda etter Skafjellulykka i 1731. Før 1835 hadde garden sæter i lag med Vike på fjellformasjonen Langedekta beint ovanfor garden. Etter ein semje i 1835 med brukarane i Uksvika fekk Hessegjerde og Vike ny sæterstøl på Vadset, og der dei sætra fram til kring 2. verdskrig.[6]

Litteratur

  • Kjølås, Gerhard: Stranda bygdebok I Gard og Grend, Molde 1954

Referanser


Koordinater: 62.28421592238153° N 6.969201610347885° Ø