Hiterdals Mineralvandfabrik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brevhode frå 1913.
Foto: Brev frå Hiterdals Mineralvandfabrik til Ringnes bryggeri, 24. oktober 1913.

Hiterdals Mineralvandfabrik blei starta av Johan Christensen i 1906. Christensen kom frå Kongsberg. I Norsk Kundgjørelsestidende heiter det at Christensen ville drive "Fabrikvirksomhed i Hitterdal med Forretningskontor paa Notodden i Hitterdal".[1] Etableringa er registrert hjå Nedre Telemarkens Sorenskriveri den 25. januar 1906.

I 1914 ser det ut til at Oscar Falch tek over drifta av verksemda i lag med kona, Helena Falch. Aksjekapitalen på kr. 8000,- er fordelt over åtte aksjar av kr. 1000,-.[2] I 1918 blir fabrikken solgt til L. A. Tveten som moderniserer den, og i 1945 blir den overdratt til Bjørn Bergan.[3]

Referansar

  1. Norsk Kundgjørelsestidende, 31. januar 1906, s. 5.
  2. Norsk Kundgjørelsestidende 13. januar 1914, s. 1.
  3. Sætherskar, 1949, s. 520

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Norsk Kundgjørelsestidende, 31. januar 1906. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Norsk Kundgjørelsestidende, 13. januar 1914. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.

Galleri