Hjelp:Lydskrift

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ved visuell redigering finn ein lydskrift under symbol, alfabetet IPA.
Teiknsett for lydskrift finst under redigeringsvindauget ved kjelderedigering.

Når uttalen av eit ord skal skildrast, brukar vi lydskrift. Det finst fleire ulike typar lydskrift, slik som Storms Norvegia og IPA. Norvegia er eit typografisk innvikla system som er vanskeleg å skrive inn på data. Derfor er det betre å bruke ei lett tilrettelagt utgåve av IPA. Nokre av dei spesielle teikna finn ein nedst på sida i redigeringsvinduet.

Oversyn

IPA, eller the International Phonetic Alphabet, er eit internasjonalt lydskriftsystem som har til mål å vera brukande for å skrive alle menneskelege språk og dialektar i verda. Dei fleste som har hatt engelsk på skolen dei siste tiåra kjenner til dette systemet i større eller mindre grad. I grove trekk svarar kvar bokstav i IPA til sin bokstavlyd uttala på norsk.

I tillegg finst det enkelte grunnleggjande konvensjonar i IPA:

  1. Ein lang lyd blir markert med lengdeteikn etter. Lengdeteiknet ser grovt sett ut som eit kolon, og vi kan bruke kolon som lengdeteikn her.
  2. I samband med notasjon av norsk og svensk er det vanleg å bruke ' for tonem 1 (einstavingstonelag) og " for tonem 2 (tostavingstonelag).

Nokre eksempel på bruk av IPA:

bil > [bi:l]; tak > [tɑ:k]; takk > [tɑk:]; data > ['dɑ:tɑ]; mata > ["mɑ:ta]

Korleis finne tegnsettet

I visuell redigering finn ein teiknsettet IPA under symbol, sjå bilete over.

I kjelderedigering finn ein man lydskriftteikn i boksen under redigeringsvindauget, sjå bilete over.