Hjelp:Spørjeliste for Fjelberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Denne spørjelista for Fjelberg ble opprinnelig utarbeida av Andreas Ropeid, og er her henta fra NLIs hjelperåder nummer 5., trykt i 1997.

Se forbehold til bruken av spørrelista og gode råd på veien i Spørrelister og disposisjonsframlegg til gardshistoria.


Garden

1. Kva er namnet på garden, slik det står i matrikkelen og slik det lyder i dagleg-talen? Kva nummer har den i matrikkelen?

2. Kvar går grensene for heile garden med innmark og utmark?

3. Er det kjent kven som rudde garden eller er det segn om det?

4. Er det prov for at garden vart skilt ut frå ein annan eldre gard, er det segn om dette eller kjenner du tilhøve som tyder på at det har vore så? Kva gard var det i tilfelle, og når vart det gjort?

5. Kva kalla ein dei bruka som var på garden etter matrikkelen i 1906?

6. Kva for utskiftingar har det vore på garden, og når vart dei haldne?

7a. Er det noko bruk eller nokon stad på garden som etter utskifting og utflytting har vorte heitande "der heima" eller "heimigarden"?

7b. Hadde alle bruka på garden husa sine samla i eit tun? Kvar låg dette tunet?

Tunet

8. Finst det kart eller bilete av det gamle tunet eller er du i stand til å teikna det så nokolunde?

9. Kor mange hus var det på garden før utflyttinga, og kor mange av kvart slag (stovehus, folgehus, bu, eldhus, stabbur, løe, låve, fjos, sauefjos, geitefjos, stall, smie, badstove, turkestove)? Var det nokre bruk på garden som hadde eit eller fleire av desse husa saman?

10. Låg husa til dei einskilde bruka om kvarandre, eller hadde kvart bruk husa sine samla i tunet?

11. Var det andre hus som høyrde garden til (Kvennhus, sumarfjos, utløer, naust)? Kvar låg dei, og kven åtte dei?

12. Kven flytte ut av tunet etter utskiftinga, og kven vart verande att i det gamle tunet?

Innmarka

13. Veit ein kvar bøgarden gjekk på den gamle garden før utflyttinga? Er det kjent at den då hadde vore flytt på, og kvifor (nyrydding)?

14. Korleis var innmarka bytt på dei einskilde bruka før utskiftinga? Var det noko av innmarka som var sameige for alle eller nokre av bruka på garden, og korleis vart den i tilfelle nytta?

15. Var åkeren på garden ei samanhangande flate, eller var den spreidd i mange mindre åkrar?

16. Var det namn på dei ymse delene av innmarka (Storåkeren, Kyrkjeåkeren, Setå o.l.)?

Utmarka

17. Kva slag utmark var det på garden (skog, lyngrabbar, snaufjell, øyar og holmar, torvmyr)?

18. Var utmarka samanhangande eller delt i fleire stykke?

19. Kor mykje skog høyrde til, og kva slag skog var det?

20. Korleis var eigedomstilhøva til skogen i manns minne? - Eigedomstilhøva kan ha vore så mangeleis. Det kan såleis henda at heile skogen var sameige for alle bruka på garden, men han kan og ha vore delt i teigar, og då slik at kvart bruk åtte ein teig eller hadde fleire teigar spreidde kringom i skogen. Sume av desse teigane kan og ha vore sameige for to eller fleire av bruka. Ein del av skogen kan ha vore delt slik, medan andre luter var hopaskog. Har skogteigar på garden vore delt slik at eitt bruk åtte slåtten, eit anna trea? Det kan og ha vore slik at eitt åtte furuskogen, eit anna lauvskogen. Har lauvskog på garden vore delt slik at eitt bruk hadde loggaskogen, eitt markaskogen og eit tredje bandaskogen? Korleis var i tilfelle desse skogslaga definert, kva for tre høyrde til dømes til loggaskogen og kva for tre til markaskogen? Har det på garden sers eigedomsrett til einskilde tre, til dømes store almar?

21. Dersom heile garden eller einskilde bruk på garden hadde hopaskog, kva for reglar var det då for bruken av denne skogen?

22. Dersom det var teigar i skogen der eit bruk hadde rett på slåtten, eit anna på trea, var det då visse reglar for bruken, til dømes om kven som hadde retten til renningar og slikt?

23. Har garden hatt skog saman med andre gardar? Når vart det i tilfelle slutt med dette, og korleis?

24. Har det vore utslåtter som var sameige for heile garden eller for nokre bruk? Kva for utslåtter var i så fall det og korleis vart dei nytta? Kor mykje høy tok dei frå utslåttene, målt i høve til innmarkshøyet? Tok dei utslåtte-høyet heim med det same, hadde dei det i utløer eller stekte dei det?

25. Korleis var det med eigedomsretten til lyngrabbane, og korleis vart dei nytta? Dersom det var lyngslått på garden, hadde då kvart bruk sin lyngslåtte-teig eller var det samslått, og korleis var i så fall slåtten regulert?

26. Dersom det høyrde snaufjell til garden, korleis var eigedomsretten til det? Var det slåtter i fjellet, og korleis vart dei nytta? Var det beite i fjellet, og korleis vart det nytta? (Om seter, sjå nedanfor.)

27. Dersom det høyrde øyar og holmar til garden, korleis var det med eigedomsretten til desse? Korleis vart dei nytta? Dersom det var villsau på øyar eller holmar som høyrde garden til, korleis var det med retten til å nytta dei?

28. Dersom det var torvmyr på garden, korleis var det med eigedoms- og bruksrett?

29. Veks det kristorn på garden? Korleis var eigedomsretten og bruken av den?

Beitet

30. Kvar hadde garden beitet sitt?

31. Var beitet delt slik at kvart bruk hadde sin hamnehage eller var det sambeite?

32. Dersom det var sambeite, var det då sambeite mellom bruka på garden eller var også andre gardar med i sambruken?

33. Var det visse reglar for sambruken, til dømes om kor mange krøter kvar sambrukar hadde rett til å ha i beitet når ein skulle sleppa ut, om når ein skulle flytja på setra o.l.?

34. Dersom beitet var utskift, var det då visse stykke som var sambeite, og korleis vart dei nytta (til kalvane, hestane)? Kva heitte desse stykka (kalvatræ, hestehage)?

35. Dersom krøtera låg ute, tok dei dei då heim eller hadde dei sumarfjos for dei? Kvar var mjølkeplassen?

36. Gjætte dei krøtera? Dersom det var sambeite, korleis hadde dei då regulert gjætinga?

37. Var det vanleg å beite innmarka vår og haust, og var det visse reglar for dette?

Seter

38. Har garden (hatt) seter (setrar)? Kvar låg eller ligg den (dei), og kva heitte den (dei)?

39. Var eller er setermarka samanhangande med den andre utmarka?

40. Hadde alle bruka på garden seterrett, eller var det berre nokre av dei?

41. Dersom berre nokre bruk hadde seterrett, kva var då grunnen til denne skilnaden mellom bruka?

42. Dei bruka som ikkje hadde seterrett, leigde dei seter, og i tilfelle kvar?

43. Hadde garden (eller dei bruk på garden som hadde seterrett) seter (setrar) saman med andre gardar eller bruk frå andre gardar?

44. Dersom det var fleire setrar som høyrde garden til, var det då slik at kvart bruk hadde sin seter eller vart kvar seter nytta på særleg måte (til dømes som vårseter, sumarseter, haustseter)?

45. Korleis var hussetnaden på setra (setrane)?

46. Når flytte dei på setra?

47. Når tok dei kyrne heim frå setra?

48. Dersom det var ulike slag setrar (sjå sp. 44), når flytte dei då frå den eine setra til den andre?

49. Setrar dei ennå? Dersom ikkje, når vart det då slutt?

50. Kvar hadde dei sauene i beite om sumaren? - og gjeldkrøtera?

Husmannsplassar

51. Kor mange husmannsplassar har det vore på garden? Kvar låg dei (også om dei låg i innmark eller utmark), og kva heitte dei? Kven budde på desse plassane?

52. Kva vilkår hadde dei (plikter og rettar)?

53. Kor mykje avla dei og kor mykje fødde dei på plassen? Korleis var husa?

54. Levde husmannsfolket berre av plassen eller hadde dei noko attåt, og kva var i tilfelle det?

55. Kva har det vorte av husmannsplassane (nedlagde, lagt inn under garden eller vorte eigne bruk)?

56. Har det vore strandsitjarar på garden? Kvar heldt dei til, kva vilkår hadde dei og kva levde dei av?

Ymse lunnende

57. Har garden hatt fiskerett i vatn eller elv? Korleis var eigedomsretten til den og korleis vart den nytta?

58. Har garden hatt kastevåg? Korleis var eigedomsretten til den og korleis vart den nytta?

59. Har garden hatt faste fiskereidskap, til dømes not for laks og makrell? Kven åtte dei, korleis vart dei brukt og korleis vart fangsten delt? Har det vore sildenot (landnot) på garden? Kven åtte den og korleis vart den nytta.

60. Er det foss på garden? Kven åtte den og korleis vart den nytta (kvernhus, sag, slipestein, treskeverk, elektrisitetsverk)? Dersom det var sag i fossen, kven åtte då den? Dersom saga var sameige for heile garden eller nokre bruk, korleis vart den då brukt? Enn kvernhuset?

61. Har det vore andre lunnende til garden enn dei som nå er nemnde (sandtak, stein- eller hellebrot o.a.)? Korleis var eigedomsretten til desse, og korleis vart dei nytta?

Garden og bygda

62. Kva belag høyrde garden til? (Nemn dei gardane som høyrde til belaget.) Var det i så måte skilnad på bryllaup og gravferd?

63. Hadde garden eigen kyrkjebåt, eller hadde den båt saman med andre gardar, og kva gardar var det i tilfelle? Korleis gjorde dei når dei skulle få seg ny båt, og korleis skipa dei vedlikehaldet?

64. Hadde garden fast stol i kyrkja, og kva stol var det i tilfelle? Hadde garden denne stolen heilt åleine eller saman med andre gardar?

65. Hadde garden visse plikter, til dømes skyss eller vedlikehald av visse vegstykke, bruer, gjerde o.l.?

Bruket

1. Kva nummer har bruket og kva heiter det i daglegtalen?

2. Er bruket flytt ut or det gamle tunet, og kva heitte det i tilfelle der?

3. Er bruket skilt ut frå eit av dei "gamle" bruka? Når vart det gjort, og kven var det som gjorde det?

4. Har bruket vore husmannsplass? Kven var det då som kjøpte det, og når vart det gjort?

5. Kor stort var bruket (med innmark og utmark) ved utflytting eller den gongen det vart eige bruk?

6. Kor stor er innmarka i dag? Dersom det er auke, kor mykje av den er då nyrydjing, og kor mykje er kjøp?

7. Er det kjøpt til eller selt frå noko utmark eller skog på bruket? Kven gjorde det og når vart det gjort?

8. Høyrer all utmarka berre til dette bruket, eller er det heilt eller delvis sameige med andre bruk? Kva for bruk er i tilfelle dette, og korleis vart sameige nytta?

9. Har bruket beitet sitt for seg sjølv, eller er det sameige med andre bruk? Kva for bruk er i tilfelle dette, og korleis vart sambeitet nytta? Er det kulturbeite på garden? Kor gamalt er det i tilfelle og kven tok til med det?

10. Er det frukt- eller bærhage til bruket? Kor stor er den i tilfelle, og kven planla den?

11. Kva slag drift har det vore på bruket ("vanleg", mjølkeproduksjon, grønsaker (drivhus), frukt, mykje høns, grisar ("fleskefabrikk"), pelsdyr e.a.)? Har huslyden levt berre av bruket eller hatt anna arbeid attåt? Kva slag arbeid var og er i tilfelle det?

12. Kva slag hus er det på garden, og kven har bygd dei?

13. Har bruket noko hus saman med andre bruk? Er det sers reglar for bruken av desse husa?

14. Har bruket aksjar i meieri eller liknande samskipnader, og i tilfelle kor mange av kvart slag?

15. Er det hefte på garden, til dømes vegrettar, landingsrettar o.l.?

16. Er det faste fornminne på bruket (gravhaugar, bygdeborger o.l.), og har dei funne ting i jorda der? Kva har dei funne, når gjorde dei det og kven gjorde det?

17. Finst det gamal husbunad, bruks- eller prydting som har vore nytta på bruket?

18. Er det tatt vare på gamle dokument eller gamal brevskap (heimelsdokument, brev av ymse slag, til dømes Amerika-brev, gardsrekneskap, arkiv etter lag og institusjonar i bygda o.l.)? Finst det gamle fotografi av eller frå bruket og garden som bruket høyrer til eller av dei som har budd der?

19. Kven har ått og brukt bruket dei siste generasjonane? Kva born hadde dei, og kor vart det av borna?